Noko er rote i Mattilsynet. Talrike skuldingar frå bønder om regelrytteri og ufine inspektørar til trass – saka vedrørande pelsfarmar Per Olaf Lauvås vitnar om at tilsynet slit med å gå i seg sjølv.
Lauvås fortener ros for å ha dokumentert møta og samtalane med Mattilsynet, og for å ha tatt saka til media. Motet hans kan tena som inspirasjon for andre bønder som til no har bite i seg urett, i frykt for reaksjonar frå det offentlege, dersom dei seier ifrå.
At avviklingsvedtaket Lauvås fekk i fjor er basert på oppspinn, er graverande nok i seg sjølv. Like urovekkjande er korleis dokumentasjonen avdekker det som liknar alvorleg svikt i Mattilsynet sine interne rutinar og kommunikasjon, kvalifikasjonskrav til eigne inspektørar, samt forsøk på å skjula feiltrinna for omverda. At regiondirektør Ole Fjetland ber om ein detaljert rapport om alt som er sagt og gjort først eit år etter dei faktiske hendingane, og etter at rampelyset er slått på, er tankevekkjande. Her luktar ukultur lang veg.
Hadde skandalen vore eineståande kunne den relativt lett ryddast opp i, med den påkravde orsakinga til bonden, og eventuell erstatning for tort og svie. Når saka har tatt av, skuldast det mellom anna at rekka av bønder som har opplevd ubehagelege tilsyn og trakassering frå Mattilsynet si side, byrjar å bli lang. I det Bondevennen går i trykken er det kjent at politiet skal etterforske saka. I tillegg har fylkesordførarkandidat Margrete Dysjaland (Frp) også meldt leiinga i det regionale Mattilsynet for grov uforstand i tenesta.
Saka til Lauvås er ekstra vond fordi den råkar ein bonde i ei avviklingstruga næring. Då kan det ikkje koma som noka overrasking at det dukkar opp spekulasjonar om at Mattilsynet opererer med skjult agenda eller har tilsette som ønskjer nedlegging av pelsdyrnæringa. Det er å håpa at spekulasjonane ikkje stemmer med røynda, men at dei i det heile blir uttalt, seier alt om kor tynnslitt tilliten til Mattilsynet er.
I all frustrasjonen som no haglar over Mattilsynet er det samstundes på sin plass å minne om kor viktig eit velfungerande kontrollorgan er i jordbruket, og for tilliten mellom bønder og forbrukarar. Både tilsyn og bønder har ansvar for at inspeksjonar og kommunikasjon føregår i ein grei tone. Slik det har blitt, kviler det opplagt eit ekstra ansvar på Mattilsynet for å byggja opp tilliten att.
Mattilsynet treng tydeleg hjelp til å friskmelda seg. Ei ekstern gransking retta særleg mot Region sør og vest si handsaming av pelsdyrnæringa, vil vera eit første, viktig steg i rett retning.
Bothild Å. Nordsletten