– MATSIKKERHET er ein viktig del av arbeidet med å identifisera truslar mot samfunnsikkerheten i Norge, uttalte forsvarssjef Harald Sunde, nyleg til avvisa VG. Han utdjupa uttalen med at mangel på mat kan destabilisera heile samfunn og viste vidare til at den låge norske eigenproduksjonen av mat gjer oss sårbare om vi skulle blir ramma av ei atomulykke eller andre alvorlege kriser.
FORSVARSSJEF HARALD SUNDE gir med dette ein dimensjon til landbrukspolitikken som er vel verd å lytte til. Han peikar på noko av hovudårsaka til at matproduksjon er eit offentleg og nasjonalt ansvarsområde. Landbruket har, som andre næringar, ein eigenverdi i å gi sysselsetting og verdiskaping. Men landbruket er i ein særstilling, nettopp fordi denne næringa produserer mat.
FOR LANDBRUKET er det positivt at det er forsvarssjefen som set landbruket på dagsorden i spørsmålet om samfunnssikkerhet. For å halda oss innan forsvarstermiologien; landbruket treng allierte. Altfor mange politikarar og økonomar likestiller mat med andre handelsvarer, og mister slik dimensjonen om landbruket si rolle for samfunnssikkerhet som forsvarssjefen minner oss om.
I EIN FELLES KRONIKK med landbruksminister Slagsvold Vedum, følger Sunde opp saka der dei mellom anna peikar på årsaka til at forhandlingane om ny avtale om handel med landbruksvarer i WTO har stått i stampe sidan 2008. – Erfaringane frå forhandlingane, skriv dei, er at nærast ingen land vil slutte seg til ein avtale som trugar nasjonal matproduksjon. – Å sikre matforsyninga gjennom handel åleine er ikkje godt nok, held dei fram.
FORSVARSSJEF SUNDE peikar på at Norge slutta å lagre matkorn i 1995, og avvikla beredskapslagera for såkorn i 2002. Landbruksstatsråden kommenterer at regjeringa skal ta stilling til om Norge skal ta opp att praksisen med beredskapslagra for matkorn. Dette er vel og bra, men regjeringa er nok inne på meir sentrale føresetnader for nasjonal matsikkerhet når ho i landbruksmeldinga held fram kontinuerleg produksjon av mat, ivaretaking av produksjonsgrunnlaget og vel fungerande handelssystem som dei viktigaste faktorane.
UTAN EIT LIVSKRAFTIG og oppegåande jordbruk i ein normalsituasjon, har vi heller ingen matsikkerhet i ein krisesituasjon. Og utan ein restriktiv jordvernpolitikk vil vi, over tid, tape den andre pilaren for matproduksjon; matjorda.