Byfolk, byråkratar og bønder treng mat, kulturlandskap og ein natur med rikt biologisk mangfald. Er det slik at matproduksjonen og bøndene sine interesser må vika for naturvernet når interessekonfliktane toppar seg?
Spørsmålet er hyperaktuelt for bøndene som driv med korn, potet, gras og grønsaksproduksjon rundt Orrevatnet, midt i matfatet på Jæren. Naturreservatet på 900 dekar vart verna med ein eigen verneplan i 1996. Nå har høyringsfristen for ein ny forvaltningsplan for området gått ut. Planen, som skal vera ei rettesnor for praktisering av verneforskrifta, skal etter ferdigbehandling godkjennast av Miljødirektoratet.
Som du kan lesa ein annan stad i bladet, vil ein streng forvaltningsplan få konsekvensar for 6-8000 dekar jordbruksjord rundt Orrevatnet. Bøndene fryktar mellom anna redusert beitesesong, vatningsrestriksjonar i dei tørraste periodane om sommaren, og at det vil bli vanskelegare å få grøfteløyve på vassjukt areal, som høyrer med til vassdraget.
Området rundt Orrevatnet har blitt slik det er i dag som ein konsekvens av vilja politikk og ein intensiv matproduksjon sidan vassnivået vart redusert med første uttappinga i 1906. Fleire andre vatn har blitt heilt eller delvis tømd og tallause myrar har blitt drenert siste hundre åra for å få tilgang til noko av den beste jordbruksjorda i landet. Samstundes har beite og utmark blitt dyrka opp.
Det byrjar å bli lite att av det opphavlege Jæren. At styresmaktene på vegne av oss alle ønskjer å ta vare på verdifullt restareal saman med det sårbare fugleog dyrelivet i desse områda, er ikkje vanskeleg å skjøna.
Vern og dyrkingsnekt er kanskje dei to orda som aktive bønder på Jæren fryktar mest. Årsaka til at vern blir sett på som ein trugsel er blant anna den frie jærbonden sin ibuande produksjonsdrive med avgrensa arealressursar. Bøndene er redde for å mista driftsgrunnlaget sitt og framtidsmoglegheitene til komande generasjonar. Det må respekterast og takast omsyn til når kompromissa skal meislast ut i denne og komande saker.
Respekt fortener også Bore, Klepp og Orre Bondelag, som i sitt høyringsinnspel til forvaltningsplanen til Statsforvaltaren i Rogaland held fram at den beste forvaltninga av miljøverdiar og verneområde skjer i samarbeid og forståing mellom grunneigar og offentleg forvaltning.
Konfliktar kan neppe unngåast. Men om styresmaktene har som inngang å vise forståing for kva ein verneplan vil få å seia for grunneigarane som blir råka, og synleggjera og talfesta dei økonomiske og praktiske konsekvensane før planar blir sendt ut på høyring, vil det vera ein god start for å «dra i same retning for gode miljøforhold og samfunnsviktig matproduksjon », som dei tre bondelaga skriv.
Spørsmålet i den aktuelle saka, og i liknande saker som kjem, handlar ikkje om mat versus salamander og sjeldne planter. Det handlar om begge delar.
Likevel. Å hevda at ei felles forståing og samhandling mellom partane løyser flokane, vil vera naivt.
Interessekonfliktane mellom vern av restareal og aktivt landbruk er sterkare enn som så.
Sjur Håland