image description

Sauenæringa er inne i ein positiv trend i våre område. Mange nye sauehus fortel om framtidstru blant sauebøndene. Underdekning i marknaden og positiv pris- og tilskottsutvikling stimulerer til auka produksjon.

Nå står vi framfor lemminga, den viktigaste og mest hektiske sesongen for sauebøndene, Bondevennen har difor gitt sauen og sauebonden hovudmerksemda denne gongen. For ein innvigd er sauehald eit tema med uendeleg mange vinklingar. Vi har berre med nokre få sider ved ei kompleks næring, som i tillegg til produksjon av mat, representerer ein rik bygdekultur og tradisjon.

Helsestatus har vore, og er, ei utfordring for næringa. Avlsarbeid og heieføring, med tett besetningskontakt, gjer sauen svært utsett for smittsame sjukdomar. Mædi- og scrapieutbrota hadde potensiale til å gi ei varig svekking av norsk sauehald, men både helsestyresmakter og sauebøndene synte evne til å gjenreise næringa. Fotråte råka sauehaldet med full styrke i 2008. Også denne epidemien ser det ut til at produsentane, i nært samarbeid med Animalia og Mattilsynet, har makta å arbeide seg ut av.

Det har vore vanleg med små sauebesetningar i kombinasjon med storfehald, og tradisjon for heieføring av smalen. Nå ser vi ei utvikling med større besetningar der sau er det einaste dyreslaget på garden. Med denne driftsforma blir det meir vanleg å ha sauen heime på kulturbeita om sommaren. Driftsforma aukar smittepresset frå snyltarane med behov for rutinemessig behandling. Veterinærane åtvarar mot resistensutvikling mot makkamidla.
– Vi må tenke førebygging og strategisk bruk av makkamidla, før ein situasjon med resistens innhentar oss, skriv veterinær Marit Johanne Apeland, i denne utgåva av Bondevennen.

Avlsarbeidet på sau kan ikkje vise til same resultat som vi ser i svinehaldet og i mjølkeproduksjonen. Vêraringane er motoren i avlen med avkomsgransking av vêrar og eliteparing av avlsdyr. Alle som er med i sauekontrollen får ein avlsindeks for sine dyr. I praksis er det ein klar samanheng mellom avlsverdi og produksjonspotensiale. Auka oppslutning av sauekontrollen, mindre vektlegging av vêrakåring, meir vektlegging av avlsverdi, og utvida bruk av semin er truleg dei viktigaste tiltaka for å fremja avlsframgangen.

Rovdyrpolitikken utfordrar sauehaldet, også på Sør- og Vestlandet. Erfaringar frå Østerdalen og Nord-Trøndelag skremmer. Streifande ulvar i Agderfylka og utbreiinga av jerv i alle Vestlandsfylka er ein gryande trugsel. Utnytting av utmarksressursane er noko av varemerket for norsk sauehald. Om heiane blir ståande tome for sau, vil sauehaldet og bygdene miste ein viktig ressurs og kulturtradisjon.

– Det har aldri vore meir gunstig å bygge nytt sauehus enn nå, seier sauebonde Svein Olav Tengesdal som lenger ute i bladet, fortel om ei positiv økonomisk utvikling i produksjonen. Sauenæringa nyt brei politisk aksept og er ein viktig omdømmebyggar for norsk husdyrproduksjon.

Dyr på beite og landskapspleie er verdiar som mange, også utfor landbruket, set pris på.

 

 

Eirik Stople