Kvart tredje år får Rogaland eit spesielt høve til å fleksa matfylkemusklane. I haust skjer det igjen: Agrovisjon går av stabelen i Stavanger 4.-6. november.
Bondevennen er messeavis. Til glede for eksisterande og nye lesarar har me fylt denne utgåva med masse messeaktuelt lesestoff.
Å seia at mykje har skjedd sidan førre Agrovisjon er å underdriva. Etter 2019 har temperaturen fortsett å stiga. Skogar har brent og elvar fløymd over. Ein pandemi har herja kloden. Russland har starta ein blodig krig i Europa. Det meste har blitt dyrare. I verda er det fleire som svelt. Me har hatt bondeopprør, regjeringsskifte – og nokre svært gode avlingar, ikkje minst her på Jæren.
Jau, gode ting skjer òg. Kvar dag. Men ingen kan påstå at det er lett å navigera og planleggja nå for tida.
Medan mange gjer det dei kan for å finna vegen fram gjennom krisene, er det også dei som vel å ikkje ta alvoret inn over seg. Dei legg framleis planar for breiare vegar og større forbruk – matjord og natur må vika. Dei lever godt med at bøndene tar støyten for klimakrise, dyr mat, vipas undergang og svak bondeøkonomi. Med grønmalande ord prøver dei å overtyda oss om at me kan halda fram som før.
Men det kan me jo ikkje.
Noreg har eit mål om å auka sjølvbergingsgraden frå under 40 til 50 prosent. Og innan 2030 skal me ha kutta klimagassutsleppa med 50 prosent. Me har sju år på oss, og me er ikkje i nærleiken av å lukkast. Bøndene er blant dei første som merkar flaum og tørke som følgje av global oppvarming. Og kor skal maten koma ifrå, om bøndene gir opp?
Årets Agrovisjon kjem til å vera full av spanande mekanikk og teknologi som kan letta så vel kvardagen for bonden som trykket på miljøet.
Men kva er den eigentlege visjonen?
Framtida treng adekvat teknologi, så klart. Men meir grunnleggjande krev ho samhandling og heilskapleg tenking med naturens tolegrenser som mål for kva me kan tillata oss.
Og motsett av kva mange trur, har bøndene mykje kunnskap å bidra med her.
Så jordbruket sin visjon må vera å redda verda. For å få det til må bøndene sjølv opna seg meir for nye tankar, og sjølv bli betre på å involvere og ansvarleggjera alle andre som et og meiner mykje om mat, miljø og bondeyrket. Inga lett oppgåve. Men messa i Stavanger må gi inspirasjon også til desse komande styrkeprøvane. I tillegg til paraden av moderne mekanikk.
Kall gjerne dét ein agrovisjon.
Bothild Å. Nordsletten