bv43_leiar

Av alle høgtider me feirar i Noreg, bugnar hausttakkefesten med sitt fråver. I landet, der menneska piner korn av auren, for å låna Garborg sine ord om jærbuen før kunstgjødsla, feirar me ikkje årsgrøda. Det er i grunnen merkeleg, for me har mykje å vera takksame for og stolte av. Bøndene sin innsats, til dømes – dei gjev oss oss mat på bordet, opne kulturlandskap og lys i husa landet over. Stolte og, over at me har eit av verdas mest bærekraftige landbruk, med den lågaste antibiotikabruken i Europa og den beste dyrevelferda.

Utviklinga i jordbruket tillet ikkje dei som kjempar for bondens kår å senke guarden ein augneblink. Samstundes er det viktig å gleda seg over dei gåvene jorda gir og det positive som faktisk skjer. Som at kornavlingane i dei to siste åra har vore historisk gode. Som at ein lang, varm haust har gitt gode grovforavlingar. Som at det vart ein fantastisk eplesesong. At investeringsviljen i landbruket er stor, er også av det gode. Nye driftsbygg blir reist, gardar blir rusta for framtida. Søknadspågangen om IBU-midlar frå Innovasjon Norge har vore så enorm dei siste to åra, at mange gode søknadar har måtta gå i retur. Satsingsviljen til dei som held ut er det grunn til å gle seg over. Sjølv om folk generelt har låg kunnskap om korleis landbruket i røynda fungerar, er det stadig fleire som etterspør norsk mat og er opptatt av korleis den blir produsert. Det er ein svært positiv trend. Tilliten til det norske jordbruket og ynskje om å oppretthalde det, er sterk.

Og moglegheitane framover er mange. Den ferske rapporten «Jordbrukets bidrag til bioøkonomien» frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), konkluderer med at norsk jordbruks- og matsektor i 2050 kan omsetta for 230 milliardar kroner, rundt rekna 100 milliardar meir enn i dag. Reknestykket forutset auka og meir effektiv matproduksjon på norske areal, produktutvikling, mindre import, mindre svinn og betre utnytting av restråstoff. Rapporten er skriven på oppdrag av Norsk landbrukssamvirke. Måtte moglegheitane den skisserer utnyttast på ein klok måte.

Med ei regjering som utfordrar landbruket, blir me minna om kor viktig det er å ikkje ta for gitt den innsatsen samvirka og bondeorganisasjonane legg ned for å sikra bøndene sine interesser. Kollektive ordningar kjem ikkje av seg sjølve. Det unike samarbeidet mellom næring og styresmakter må haldast ved like.

Dei proffe landbrukstoppane hentar styrke og legitimitet frå eit mylder av lokallag og tillitsvalde. Bondevennen sin møtekalender gir eit godt inntrykk av den mengda kurs, møte og sosiale arrangement som til ei kvar tid held forkjemparane for norsk jordbruk i ande. Saman med travle jordbrukssider på nettet, vitnar dette om aktive og sosiale produksjonsmiljø. Lagsaktiviteten er viktig for kompetanseheving, for samhaldet i ei utfordrande tid, samt som bidrag inn i det øvrige bygdelivet. Alle heltane i norsk landbruk fortener å bli feira.

Nei, enno har me ingen Thanksgiving som i USA eller ”Bondens dag”, slik arbeidaren har sin 1.mai. Kyrkja feirar riktig nok innhaustingsfesten Mikkelsmess, men Halloween er nok meir populær. Kanskje er det dei mange matfestivalane- og marknadane rundt om i by og bygd, som kjem nærast det å vera haustakkefest. Historias største Agrovisjon 2016, som går av stabelen til helga i Stavanger, kan og tolkast som ei feiring av moglegheitane som ligg i morgondagens landbruk.

Grødegudane skal vita at det er usikre tider for dei som driv jorda, men éin gong i blant bør me feira alt det gode me har, og det me får til.

Bothild Åslaugsdotter Nordsletten