Årets første leiar i Bondevennen er ikkje skriven med utgangspunkt i eit aktuelt saksbilete, ei dyster meiningsmåling eller tunge klimaanalysar. Ved starten av eit nytt år, og eit nytt tiår, er det andre utviklingstrekk i landbruket som vekkjer like stor interesse og uvisse som utviklinga i kjøt- eller mjølkemarknaden.
Me byrjar å bli vane med å ta imot og ta i bruk ny datateknologi. Sunn skepsis til det som er nytt, er aldri feil. Men også for landbruket er det oftast matnyttig med enda fleire appar og moglegheiter for å halda kontinuerleg oversikt over produksjonen, spissa og forenkla drifta og ivareta dokumentasjonskrava på garden.
5G-nettet er i kjømda og vil bli tilgjengeleg også for oss meir landleg buande i løpet av dei første åra. Det nye, superraske mobilnettet vil mellom mykje anna gi høgare kapasitet og betre brukaropplevingar enn i dag. Enda fleire sensorar frå enda fleire gjenstandar og ting blir kopla til internett og mobiltelefonen framover. Snart vil den sjølvkøyrande bilen din kommunisere i sanntid med dei andre bilane rundt deg. Trør du på bremsa, får bilen rett bak deg beskjed. 5G kan bety meir nøyaktige, sjølvkøyrande traktorar og reiskap. Straumeffektive små sporingsbrikker kan erstatta GPS og gje deg kontroll også over beitedyra som oppheld seg eit stykke unna garden.
Me får meir av alt, og det meste ser ut til å kunne koplast til nettet. Det me har sett av moglegheitene innan det som kallast Tingenes internett og kunstig intelligens er berre starten. Eigentleg er det berre fantasien som avgrensar framtidas datateknologiske moglegheiter. Også i landbruket.
Teknologi erstattar likevel ikkje det viktigaste. Ein real kopp med kaffi i lag med kollegar, får du ikkje via 5G. Instagram og Snapchat gir, saman med dronar, GPS og sensorteknikk, fantastiske moglegheiter alt i dag. Men når livet på sosiale mediar og seriar på Netflix er med på å avgrensa det sosiale og kompetansebyggande samvirke-samlivet mellom bygdefolk og naboar, er det faktisk fare på ferde.
I Landbruks-Norge aukar avstandane mellom gardsbruka med aktiv matproduksjon. I staden for ein sanntidsprat med naboen, blir praktiske problem med viftestyringa gjerne diskutert med kollegar på sosiale mediar, medan eit god natt-innlegg på Face, som synar kvilande kyr på mjuke madrassar, gir 128 likes og eit inntrykk av at alt er vel.
Alt er kanskje vel, enn så lenge. Men bondevelferd er ferskvare. Blir dei fysiske møteplassane i for stor grad erstatta med grupper på for eksempel Messenger, forsvinn også samhaldskjensla, driven og motivasjonen opp i nettskyene.
Difor startar vi denne årgangen av Bondevennen med å gi ein smilemunn til grasrota og landbruket sine lag og organisasjonar, som opprettheld møteplassane og bidreg til å halda bøndene og bygdene samla. Vidare fortener alle som skrur mobilen på lydlaus og går på møte, ein tommel opp.
Godt nytt arbeidsår til alle!
Sjur Håland