Ikkje før slapp den rekordhøge septembervarmen taket før den politiske temperaturen nærma seg kokepunktet. Torsdag i førre veke la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2017, det fjerde og siste borgarlege budsjettet før valet neste år. Gitt linja som dei blå-blå har ført i landbrukspolitikken dei siste tre åra, baud budsjettet på få overraskingar. Derimot innehaldt det fleire forslag, som dersom dei blir vedtatt, stadfestar og styrkar den utviklinga me har sett i retning av ein stadig meir marknadsliberal landbrukspolitikk. Dette var kanskje regjeringa sin siste sjanse til å innfri løftet om å styrka bonden si økonomiske stilling gjennom målretta skatteendringar. I stadenfor føreslår dei fleire tiltak som uroar bondeorganisasjonane og opposisjonen.
Framlegget om å avvikla skattefritaket for investeringstilskot i distrikta, dei såkalla IBU-midlane, er eit av dei. Dette vil kunne få konsekvensar for bønder som ynskjer å investera i kostbare nye driftsbygningar. Framlegget om å opna for at også aksjeselskap skal kunne få jordbruksfrådrag, er eit anna. Finansdepartementet ser ikkje korleis dette i tilfelle skal lata seg kombinera med dagens krav til busetting på garden og føreslår difor å fjerna bukravet. Ei omtalt fondsordning for landbruket, som vil gi redusert skatt for pengar sett av til investeringar, er ennå i det blå. I tillegg føreslår regjeringa å auka avgiftene på drivstoff (dei skal visstnok kompenserast gjennom ei innretting i jordbruksoppgjeret 2017), samt å svekke avskrivingssatsane for maskinar og utstyr.
Styrkar budsjettet den økonomiske stillinga til bøndene? Vitnar dei nemnde framlegga, og ikkje minst mangelen på nye tiltak, om at regjeringa satsar på unge bønder? Nei, slår både bondeorganisasjonane, opposisjonen og dei delane av media som bryr seg, fast. Norges Bondelag åtvarar mot varige endringar i norsk matproduksjon dersom me skulle få det dei kallar eit “AS-landbruk”. Leiar Lars Petter Bartnes hevdar regjeringa med sine framlegg går til åtak på familielandbruket frå alle kantar. Også Senterpartiets Geir Pollestad nyttar kringsettingsmetaforen. Han kallar landbruket og matproduksjonen den store taparen i årets statsbudsjett og meiner regjeringa på punkt etter punkt går til åtak på norske bønder. I likskap med KrF sin talsperson Line Henriette Hjemdal, lovar han kamp mot dei nemnde framlegga. Dagen for budsjettframlegginga er dagen for ømme tær, jubel og vonbrot. Alle kan ikkje få det dei håpa på. Alle blir ikkje sett. Det er likefullt å merka seg at finansminister Siv Jensen ikkje éin einaste gong under den snautt timelange framlegginga av budsjettforslaget til Stortinget nytta ordet “landbruk”. Eller “bonde”. Ei heller “mat”.
Utelatinga av den viktigaste næringa i landet seier ein heil del og står ikkje i forhold til den verdiskapinga, innovasjonen, kultur- og bærekrafta, som norsk landbruk representerer i heile landet. Ikkje eit vondt ord om hovudstaden, men det er noko Oslo’sk over denne forgløyminga. Ingenting er avgjort ennå. I vekene framover blir det debatt, strid og hestehandel om viktige spørmål. Regjeringa sin lagnad står på spel. Alle som arbeider for å sikra gode kår for norsk landbruk har ei stor oppgåve framfor seg. Dei første frostnettene er over oss, men det går mot ein heit haust, likevel.
Bothild Åslaugsdotter Nordsletten