image description
 
I den nyleg utkomne boka; Omstart. Forslag til ein ny landbrukspolitikk, fortel professor i bygdesosiologi og regionalpolitikk ved Norsk senter for Bygdeforskning, Reidar Almås, om eit viktig møte, vel å merke i draumeland. Han får besøk av Jon Sundby (1883-1972) og Rasmus Mork (1896-1974), arkitektane bak landbruksmodellen som blei utvikla i 1930-åra. Etter at Almås har lagt fram ein analyse for dei ubedne gjestene, av norsk landbruk-/landbrukspolitikk anno 2016, er konklusjonen; «dette var verre enn vi trudde, vi må begynne heilt på nytt».
 
Almås peikar på endringar i landbrukspolitikken langs tre dimensjonar:
– Ein større del av den norske matproduksjonen skal baserast på norske ressursar.
– Ein større del av fôret til dei drøvtyggande dyra skal koma frå utmark og kulturbeite.
– Ny regional arbeidsdeling i norsk landbruk, der meir av kjøttproduksjonen blir kanalisert dit fôret og spreieareala finst.
 
Almås har med fem berebjelkar i gjeldande landbrukspolitikk; jordbruksforhandlingane, marknadsregulering, tollbasert grensevern, lovregulering av eigedomsmarknaden og politiske verkemiddel for strukturutjamning/eit landbruk over heile landet. Professoren er klar på at modellen er under press, men er mindre tydeleg på alternativa til dagens modell, når han skriv:
– Det er ikkje noko i vegen med berebjelkane, i og for seg, men dei må vølast og stokkast på nytt.
 
– For min del, trur eg det er den globale teknologiske, økologiske og sosiale revolusjonen som vil modne og utløyse eit nytt landbruksparadigme i Norge. Eg trur ikkje det blir ein liberalistisk revolusjon, men snarare ein grøn og ny-regulert revolusjon, skriv den gamle aktivisten frå 1970 åra.
 
–Vi må unngå å koma dit ingen vil; eit storskala kompanijordbruk som berre brukar dei beste jordressursane i dei sentrale jordbruksområda og som elles baserer seg på importerte råvarer og innvandra arbeidskraft. For å koma dit vi vil, treng vi eit multifunksjonelt, allsidig fleirskala-landbruk, over heile landet, som bidrar til å halda kulturlandskapet opent med produksjon av kvalitetsmat ved å utnytte dei rike ressursane på inn-og utmark, fjell og vidde, formulerer Almås.
 
Konkret vil Almås flytte på 2 milliardar kroner i jordbruksavtalen «for å koma dit (nesten) alle vil». Ei aktiv ressursutnytting av grovfôretande dyr, går igjen som ein raud tråd i Almås si tenking. – Kombinert produksjon av kjøtt og mjølk på den unike NRF-kua må framleis vera berebjelken i distriktsjordbruket, skriv Almås.
 
Det er interessant å merke seg Almås si betraktning om at: «Vi treng ikkje meir planøkonomi i landbruket, der noen peikar på kor store bruka skal vera, men mindre statleg innblanding i bruksstruktur og driftsform. Det sikraste for nasjonen Norge er å la bondefamiliane tilpasse seg, kvar for seg, på ein multimalisert måte, slik at mange er med på å dele vinning og risiko».
 
Boka, Omstart, kan oppfattast som eit manifest etter eit langt forskarliv innafor landbruk og bygdeliv. Almås fangar dei politiske mottrendane som har utvikla seg dei aller siste åra. Han minner oss ved fleire høve om at norsk landbruk er ei politisk næring som er totalt avhengig av tillit og støtte, både i folket og i stortingsfleirtalet.
 
Sjølv om Almås gir ei detaljert oppskrift på tiltakssida, ser vi at det er ein veg å gå frå overordna ideologi til operativ politikk, forhandla fram i jordbruksavtale og på andre maktarenaer. Her er det mange som vil ha ei hand med på rattet.
 
 
Eirik Stople