Grøntsatsing. Ordet smakar optimisme – sprø salat, alt som er sunt, klimavenleg og politisk korrekt. Medan resten av jordbruket balar med animalsk overproduksjon, er me berre halvvegs sjølvforsynte med grønsaker, og berre sju prosent av frukta og bæra me et, er produsert i Noreg. Potensialet i drivhus, åkrar og hagar er stort. Målet er at grøntforbruket skal auka 20 prosent innan 2022. Klimaendringane og helsetrendar tilseier at løftet som årets jordbruksoppgjer ga til grøntnæringa, ikkje minst til små og mellomstore produsentar, var smart. Her er det vel berre å peisa på – eller?
Så enkelt er det sjølvsagt ikkje, noko saka til dei unge jærbøndene Ann og Wegard Qvalbein er eit tydeleg døme på, (s.6 og Bv nr. 23). For sju år sidan tok dei det lagnadstunge valet å satsa på pels. No nærmar avviklingsdatoen seg, og paret leitar etter alternative bein å stå på. Dei har også mjølkekyr. Men Ann og Wegard kvir seg for å driva vidare med husdyr. Det er tankevekkjande, men midt i all debatten om kjøt, klima og dyrevern kan tradisjonelle produksjonar verke usikre. Og regjeringa sitt svik i pels-saka har styrkt trongen til ein trygg leveveg. Velsigna med nesten 500 mål prima grønsaksjord har bøndene søkt om produksjonavtale for gulrot og kålrabi hjå Gartnerhallen. Utan førebels å få tilslag. Gartnerhallen føretrekk store og etablerte produsentar, og ser helst at desse utvidar, heller enn at nye og mindre kjem til.
Gartnerhallen har nok sine grunnar. Grønsaksmarknaden er ein fin balansegang mellom biologi, klima, etterspurnad og pris. Tollvernet på frukt og grønt er lågt. Sjølv når det bugnar av våre eigne varer i norsk tollperiode, renn det inn import. Daglegvarekjedane dikterer kva som kan produserast – det er ikkje berre for einskilde produsentar å tenke nytt og kreativt. Alternative salskanalar som gardsutsal, Bondens marknad og dei stadig meir populære Reko-ringane fungerer kanskje for mindre produsentar, men ikkje for storprodusentar som treng trygg avsetting for bulkvare.
Eit av tiltaka under grøntsatsinga i jordbruksoppgjeret var etableringa av eit utval som innan mars 2020 skal klekka ut ein plan for å auka norskdelen i alle grøntproduksjonar. Saman med dei store aktørane i grøntbransjen skal bondeorganisasjonane vurdera marknadsmoglegheiter, ulike marknadskanalar, innovasjonsbehovet, potensialet for produkt- og sortsutvikling, samt rekruttering.
Utvalet har ein viktig jobb framføre seg når dei møtest for første gong i september. Trygge ramer for auka produksjon av norsk frukt og grønt er viktig for sjølvforsyningsgraden. For helsa og klimaet. Og for nye bønder, så vel som for etablerte som vil eller må omstilla seg. Det er viktig for Ann og Wegard Qvalbein.
Bothild Å. Nordsletten