80 000 dekar. Det er omtrent det spreiearealet Hå kommune kjem til å mangla dersom dei strengaste krava i debatten om ny gjødselbruksforskrift blir innført. Konsekvensane for husdyrhald, matproduksjon og bondeøkonomi kan bli store. Ikkje rart at tema engasjerte under førre vekes bondemøte på Varhaug.
Uvissa som det komande regelverket fører med seg, særleg for jærbøndene, er forlengst forsterka av den galopperande kostnadsveksten. På toppen av dette har me fått ein krig i Europa, som i tillegg til massiv menneskeleg liding, bidreg til å driva prisane på energi, råvarer og mat ytterlegare i veret.
I denne stoda nøler bønder landet rundt med å satsa. Fleire er òg på nippen til å gi seg. Dei kjenner liten og ingen økonomisk tryggleik innfor årets sesong.
Før våronna skulle det ha vore stikk motsett. Kjensla av mål og meining burde vore toppa av entusiasme.
Så noko skurra på Varhaug. Jau, gjødselbruksforskrifta er viktig. Vassdraga i husdyrtette strok er ikkje reine og levande nok. Noreg har dessutan ei forplikting til å etterkoma EUs vassdirektiv. Og jordbruket sin legitimitet i eit samfunn kor omsynet til naturen tilsynelatande aukar er òg i spel.
Men no handlar det ikkje om 2,1 eller 3,5 kilo tilført fosfor per dekar. Det kan ikkje handla om detaljar i eit komande regelverk der talgrunnlaget er usikkert og den positive effekt for økosystemet likeså. Det får ikkje handla om ei forskrift som risikerer å redusera norsk matproduksjon. Gjødseldebatten må venta til talgrunnlaget er meir solid – og situasjonen mindre dramatisk.
Bonde og skribent i Bondevennen, Bjørn Lende, kommenterte det treffande etter storsamlinga: – Tenk om me kunne brukt Varhaug-møtet til å diskutera korleis me kan fem- eller tidobla kornproduksjonen på Jæren. Kanskje hadde gjødselproblematikken løyst seg sjølv.
Russlands invasjon av Ukraina forsterkar eit alt sårbart globalt matsystem. Truleg blir det mindre mat på marknaden, og fleire av dei som, i motsetnad til oss, ikkje har råd til å kjøpa den. No må alt setjast inn for at bøndene våre kan produsera på maks. Dei treng ei snarleg og detaljert avklaring om full kostnadsdekking, og eit påfølgjande jordbruksoppgjer som innfrir regjeringas løfte om å tette inntektsgapet.
Statens olje- og gassinntekter er i desse dagar sterkt aukande. Støtte til Ukraina og midlar for å trygga og auka norsk matproduksjon må stå øvst på prioriteringslista.
Er det umusikalsk å krevja meir i urolege tider som dette? Usolidarisk? Nei, på ingen måte. Å trygga drivande bønder er å trygga samfunnet. Å syta for mest mogleg eigenprodusert mat er internasjonal solidaritet i praksis.
Bothild Å. Nordsletten