SET BONDEN FRI, var høgresida sitt landbrukspolitiske slagord framfor valet i fjor haust. Omgrepet blei gitt politisk innhald i regjeringserklæringa, og vil bli materialisert i den politikken som Regjeringa nå legg fram gjennom staten sitt tilbod til landbruket. Ja, med dobling av konsesjonsgrensa for slaktekylling er gjennomføringsfasen alt i gang.
Det står strid om eigarskapen til fridomsomgrepet i norsk politisk debatt om dagen. Både høgre- og venstresida vil ha eigedomsrett til det vakre ordet fridom. Fridomsfana blei høgt heisa i mange av årets 1. mai talar. LO-leiar Gerd Kristiansen og statsminister Erna Solberg snakka begge varmt om fridom, men ut frå kvar sin ideologi. Frå venstresida blir fridom kopla til ord som solidaritet, fellesskap og velferd. Høgresida frontar fridom for den einskilde, der individuell valfridom er det store gode, både for storsamfunnet og for enkeltmennesket.
Venstresida sin økonomiske fridomsmodell trivst best under politisk finmaska styring, innpakka i sosialdemokratisk ideologi. Høgresida sine fridomsideal utviklar seg best innafor økonomisk liberalistisk ideologi. Politisk styring står mot pengemakt og marknadsstyring. I Norge er det ikkje eit enten eller, avhengig om vi er styrt frå høgre- eller venstresida. Vi snakkar i realiteten om graden av politisk styring og graden av marknadsstyring.
VI REGISTRERER til dels kraftig motståande syn mellom bondeorganisasjonane sin overordna politikk og Regjeringa sin set bonden fri politikk. Bondelagsleiar Nils Bjørke definerte kva Bondelaget legg i ordet fridom for bonden og landbruket, under 1. mai markeringa på Voss.
– Trygg mat er ein større og meir verdifull fridom enn billigast mogeleg mat, sa Bjørke. Han peika på verdiane av god dyrehelse og trygg mat, ressursutnytting i kvar ei bygd og grend som grunnlag for sjølvberging og samvirke sin styrke i høve til matkjedene. Nemnde verdiar var då også den overordna grunngjevinga for den økonomiske utforminga av forhandlingskravet som landbruket nyleg la fram.
REGJERINGA SIN set bonden fri politikk vil dempa den politiske styringa av landbruket og i større grad overlata styringa til marknadskreftene. I dette ligg mellom anna justering / oppheving av kvote- og konsesjonsordningar. Målet for Regjeringa er auka effektivitet og billegare mat. Vi må difor venta at regjeringa føreslår ei utflating av tilskottsatsane, det betyr at struktur- og distriktsprofilen blir svekka. I staden for å tilføre friske budsjettmidlar kan vi vente ei omfordeling frå små til store produsentar. Signala er at auka produktivitet er viktigare enn å halde oppe produksjonen i distrikta.
Set fri politikken blir såleis, på kort sikt, ein fridomspolitikk for dei få og ein avviklingspolitikk for dei mange. Då all norsk matproduksjon er avhengig av politisk støtte og skjerming, kan det på lengre sikt også gå mot ei avvikling for dei få, kort og godt fordi motivet for politisk støtte blir svekka.
SKAL DET GI MEINING å halda oppe ei næring som treng politisk skjerming og støtte, må ein blankpusse dei politiske målsettingane for eit berekraftig norsk landbruk. Får det norske folket igjen for det dei betalar via fellesskapet? Då er det ikkje bare prisen for maten som avgjer forbrukarane sin dom. Norsk landbrukspolitikk er tradisjonelt tufta på eit langt breiare grunnlag enn einsidig merksemd på matpris. Men også pris tåler det offentlege sitt lys. Ei fersk undersøking syner at sett i forhold til norsk lønsnivå, har Norge den billigaste maten i Vest-Europa.
Set bonden fri politikken kan sjølvsagt ha positive utslag for enkeltgrupper, og rydde opp i statleg maktbruk. Men førebels har vi sett konturane av ein kortsiktig politikk som provoserer meir enn den motiverer.