image description

– Det ser godt, er omkvedet frå sauebønder og slakteri om årets lamme-sesong. Tidleg vår og gode sommarbeite har medverka til høge slaktevekter og god kvalitet. Sauekjøtt er råvare for mange ulike middagsrettar og representerer noko av det beste norsk landbruk har å tilby. Samanlikna med gris-, kylling- og storfekjøtt er sau litlebror i volumsamanheng, men sauehaldet har noko ved seg som fascinerer og engasjerer. Drifta følgjer på ein særleg måte årstidas gang og merksemda toppar seg ved lemminga om våren og sankinga om hausten. Hardt arbeid og store forventningar følgjer begge deler.
Rovdyra utfordrer sauehaldet i delar av landet. Storsamfunnet sitt ynskje om biologisk mangfald betyr i nokre område slutten for sauehaldet. Ei stor smerte for dei som blir ramma, både for dyr og sauehaldar. I våre område hender det at streifande ulvar, på Sørlandet, tek for seg av lam og sau. Når vi veit om skadepotensialet til ulv, må situasjonen følgjast med største alvor. Sauen er eit sårbart dyr. Jerv og gaupe, i tillegg til rev og ørn, er alle rovdyr ein lyt følgje nøye med på. Enn så lenge, representerer desse rovdyra ein moderat trussel for sauehaldet på Vestlandet.
Hundesaka, som har fått stor merksemd i media i sommar, syner viktigheita av lovregulering av hundehaldet.
Vidare utvikling av sauehaldet er avhengig av at ein maktar å ta vare på helsestatus hos sauen. Utstrakt kontakt mellom besetningane via livdyrsal, vereringar, heieføring og anna kontakt gjer at sauen er ekstra utsett for epidemiar. Mædi, skrapesjuke og nå sist, fotråte, minner oss om at det må gjerast nødvendige tiltak og haldast eit høgt beredskapsnivå mot kjente og ukjente epidemiar. Også snyltarsituasjonen krev auka merksemd. I dei fleste besetningar er det behov for rutinebehandling mot snyltarar, med følgjande fare for utvikling av resistens mot aktuelle middelgrupper. Ein trend mot meir einsidig sauehald og større besetningar aukar behovet for medisinbruk og med det faren for utvikling av resistens hjå sjukdomsframkallande organismar.
Tome heiar er eit nytt ord i sauenæringa. Med færre sauebønder og meir smale heime, ser vi ein tendens til at delar av heieområda blir verande utan sau. Situasjonen gir ei ekstra utfordring under sankinga. I næringa oppmodar ein til å støtte opp om den sterke tradisjonen med fellestiltak og heieføring av sau. Rekruttering av nye sauebønder og nye generasjonar som tek i bruk heiebeita, er avgjerande for å halde oppe den stolte heietradisjonen. Sauen er ein storetar. Samanlikna med dei kraftfôrkrevjande produksjonane har han låg produksjon sett i forhold til fôrbehovet. Difor er det viktig at sauen haustar inn mest mogeleg av fôret på utmarksbeite.

 

Det er mage gode grunnar til å prioritere tilskott til sauen. Han er både ein distriktsutbyggar og landskapspleiar. Den viktigaste grunnen er likevel så enkel at økonomisk berekraft i sauehaldet er avhengig av tilskott. Med sug i marknaden etter det edle produktet, satsing på nye bygg og dyktige bønder, har vi lyse utsikter til rikeleg tilgang av fårikål.

 

Eirik Stople