image description
 
Kommunalminister Jan Tore Sanner har ei populær sak. Han vil gjera det enklare og billigare å bygge bustadar og å gjennomføra andre byggetiltak, ved å effektivisere og forenkle prosessane etter plan- og bygningslova. Lokalmakta skal styrkast, vi ser ei maktforskyving frå statleg nivå til kommunenivået.
Saka er nå ute på høyring.

Det blir enklare å endre eller oppheve arealplanar.
– Til dømes kan det vera å regulere om eit areal til barnehage eller auke tal etasjar og graden av utnytting av ei tomt, heiter det i pressemeldinga frå departementet.
Departementet skriv vidare at kommunen kan spare tid ved at behovet for varsling kan reduserast.
Det kan bli lettare å gi dispensasjon for oppføring av enkeltbygg, som bustad og hytte, i landbruks-, natur-og friluftsområda (LNR-områda), når det ikkje er i strid med nasjonale eller viktige regionale interesser som jordvern, strandsone eller kulturminne. Stikkord for å gi dispensasjon vil vera viktige samfunnsomsyn, til dømes bustadbygging, samferdsel, verdiskaping, næringsutvikling og sysselsetting.

Det økonomiske handlingsrommet til kommunepolitikarane er trongt. Kommunane møter beinharde krav frå innbyggarane og frå statleg hald. Ambisiøse politikarar si rolle blir ofte redusert til å vedta rådmannen si kuttliste.

Innanfor arealforvaltninga har kommunane også hatt lite armslag. Finmaska regelverk, lang saksbehandlingstid og motseiing frå fylkesmannen har frustrert mang ein politikar og byggherre. Nå blir det teke grep for å effektivisere saksbehandlinga og å utvide det lokale handlingsrommet. Positive signal som kan vitalisere ein grå politikarkvardag med større handlingsrom for både lokalpolitikarar og enkeltpersonar.

Men vent litt. Las vi at behovet for varsling kan reduserast, færre saker skal innom sektorstyresmakter og viktige samfunnsomsyn gir grunnlag for dispensasjon, les; trumfar sektorlovene.

Nasjonale interesser som jordvern, strandsone og kulturminne krev nasjonal styring og overvaking. Her snakkar vi om verdiar som ikkje kan gjenskapast. Når enkeltsakene kjem opp i lokalmiljøet blir jordvern og strandsone fort taparen, der heilskapen taper for ein bit for bit politikk. På den andre sida finnes det nok av døme på statleg maktutøving som dessverre svekkjer statleg legitimitet.

Redusert varsling styrker ikkje lokaldemokratiet. Snarare fremjar det den sterke sin rett. Røyne Kyllingstad synleggjer dette i ei refleksjon lenger ute i Bondevennen. Situasjonen er ei arkeologisk utgraving. Kyllingstad skriv: All bebyggelse var underordnet en stram reguleringsplan, med unntak av noen få palasslignende bygg, hvor byggegrensen var overskredet.
Då er det at leiaren for utgravinga uttalar: Disse er fra et sent stadium i byens historie. Det at folk, med økonomisk makt, kan ta seg til rette på denne måten er alltid et tegn på forfall, kulturelt så vel som politisk.

Auka maktutøving til lokalpolitikarane skjerpar krava til uavhengigheit, langsiktig tenking og rakrygga politikarar.

Eirik Stople