Ein ny tilsynskampanje står neppe høgst på lista til ei pressa svinenæring, men det er nett det Mattilsynet varslar på nyåret. Som Bondevennen skreiv om i førre veke, skal 600 tilfeldig valde besetningar over heile landet besøkjast. Rutinar for handtering av sjuke og skadde dyr, avliving og bruk av strø og rotemateriale, er som ved tidlegare tilsyn, i søkjelyset.
Avgjerda om å gå nasjonalt til verks vart fatta etter den mykje omtalte tilsynskampanjen på slaktegris i Rogaland i 2018. Etter NRK-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter» i fjor, har Mattilsynet bestemt seg for å utvida kampanjen til også å omfatta smågrisproduksjonen.
Svinenæringa, særleg i Rogaland, har som alle veit vore i hardt vêr etter alvorlege funn i den første tilsynsrunden og i dokumentaren. Næringa lova bot og betring, og har då også implementert eit nytt dyrevelferdsprogram, og sett dyrevelferd på kvar einaste møteplan i ettertid. Også Mattilsynet har stått i storm etter knusande kritikk av systematiske feil og manglar i forvaltningspraksisen. Også dei har lova bot og betra rutinar.
Me bør difor kunne forventa at bakteppet for den nye tilsynskampanjen er annleis enn førre gong. Både svinenæringa og tilsynet skal på ein måte opp til eksamen og visa fram resultata av forbetringsarbeidet. Det er viktig at båe får ståkarakter.
Me må kunne leggja til grunn at funna av alvorlege avvik vil bli langt færre, og at dei som blir avdekt, blir lukka på ein effektiv måte. Likeeins bør me kunne leggja til grunn at kommunikasjonen mellom bonde og tilsyn går føre seg på ein konstruktiv måte.
At sistnemnde kan bli ei utfordring, er ikkje til å undrast over. Etter dels høgt konfliktnivå over fleire år, er tilliten til tilsynet tynnslitt hjå mange bønder. Inspektørane må tola om bonden filmar eller på anna vis dokumenterer tilsynet.
Me vonar båe partar greier å løfta blikket og koma kvarandre i møte. For i tillegg til betre dyrevelferd, handlar det også om menneskeleg velferd – om mindre stress og mistanke både for bønder og dei som er pålagt å utføra tilsyn. Ikkje minst er eit godt samarbeid også viktig for svinenæringa sitt omdøme. Og det er faktisk det som står på spel her.
Bothild Å. Nordsletten