Ein plan som står seg
Bothild Å. Nordsletten
8. mars 2024. Ap- og Sp-regjeringa legg fram stortingsmeldinga som er meint å staka ut ein ny kurs for norsk landbruk: Ein metode for å rekna ut bondeinntekta, ein plan for opptrapping av bonden si inntekt, samt ein strategi for auka sjølvforsyning.
Landbruks- og matminister Geir Pollestad skal ha takk for å ha fått denne viktige meldinga til Stortinget. Utgangspunktet for å kunne meisle ut ein lenge etterlyst ny landbrukspolitikk har dermed aldri vore betre. Alt, frå krig og mindre mattryggleik globalt, via stadig færre bønder og bondeopprør, til ei landbruksvenleg regjering med ein kunnskapsrik fagstatsråd i spissen: Alt ropar «Nå!».
Mykje talar for at denne marsdagen i 2024 kan bli ein større milepåle i historia enn opptrappingsvedtaket i 1975, slik Pollestad sjølv håpar og trur.
Om det skjer, står likevel att å sjå.
For kvifor, når bøndene så tydeleg har åtvara mot det, valde regjeringa likevel å legga inn ei «normering», som i røynda inneber at inntektsgrunnlaget aukast med 20 prosent utover dei reelle inntektene?
Kvifor trassar Pollestad bøndene og insisterer på at dei må jobba 145 timar fleire enn dei 1700 timane andre arbeidande får kalla eit årsverk?
Og kvifor i all verda skal ikkje ein bonde få avkasting på den eigenkapitalen hen har brukt til å kjøpa jord med?
Bondeorganisasjonane og opposisjonspartia stiller dei same spørsmåla, og er nå i gang med forhandlingar i Stortinget. Fram mot ei vonleg semje medio april, i forkant av jordbruksforhandlingane, må bøndene jobbe målretta og konstruktivt for å påverka utfallet, slik at det vil løne seg å produsere mat her i landet.
Ansvaret for å landa ein plan som står seg gjennom regjeringsskifte og globalt uvêr, ligg likevel på dei folkevalde på Løvebakken.
Måtte dei ha klokskap, framsyn og handlekraft nok til å forvissa bønder og alle andre om at norsk jordbruk er ei livskraftig næring å satse på.