Vestlandet er blant dei blautaste områda i heile Europa, står det å lesa i ein artikkel på Wikipedia. Elles takk. Me treng ikkje stadfestande data frå Meteorologisk institutt eller å henta fram statistikkar frå Google sitt endelause kartotek for å ta til oss den kunnskapen. Det er berre å gå ut på trappa og vende nasen mot skyene. Denne vinteren har det regna over alle støvelskaft og gjødselkummar. Jorda er så vassmetta som ho knapt har vore før.
Samstundes med at regnvatnet skvulpar i overflata på jordene, nærmar det seg våronn for dei som er tidlegast ute. Men den vassmetta jorda og alle vassfloane som har etablert seg på stadar der det gjerne aldri har stått floar før, minner om utfordringane som er i kjømda. Både denne våren og vårane som kjem.
Den første delen av våronna handlar gjerne om i-såing av grasfrø og spreiing av husdyrgjødsel. Å stagge iveren og vente til jorda har tørka nok opp før ein kjører utpå, er ei vanskeleg øving. Men å så frø i vatn er ikkje eit alternativ. Må du ut med nokre lass husdyrgjødsel, er det smart å bruka vegnettet og kanon eller kjøra på dei tørraste toppane først. Blir det kjørespor på enga, er skadane ofte meir alvorlege enn dei ser ut til. Sjølv med pløying i etterkant, greier du ikkje å løysa opp pakkeskadane lenger ned i jorda.
Me registrerer at norske kommunar brukar store summar og grovt dimensjonerte betongrøyr for å sikra bygdesenter og bustadfelt mot overvatn og flaum. Bøndene har ikkje tilgang på skattemidlar eller store nok offentlege tilskot for å gjera det same som kommunane på sine bruk.
Strukturendringane og effektiviseringa innan landbruket har ført til at svært mange bønder har like mykje leigejord som dei har jord dei eig sjølv. Minst. Det gir utfordringar når det gjeld vedlikehald av jorda. Kven skal gjera kva, og kven skal betala for gildet? Kostnadsveksten og løpande utgifter i gardsdrifta bidreg også til å gjera det til ein enkel strategi å la vind, sol, kapillæreffekt og tyngdekraft drenere ut jorda slik at det blir råd å koma utpå med traktor og tung reiskap.
Siste vekstsesongane har vist at strategien ikkje held. Veiter treng vedlikehald for at matjorda skal halda seg frisk og levera optimalt med avlingar. Kanskje er det også naudsynt med ei påminning om at dreneringspraksisen for 30-100 år sidan ikkje var dimensjonert for den tunge reiskapen og dei store nedbørsmengdene som no ser ut til å bli det vanlege. Det er med andre ord på tide å ta runden med morfar og naboen og gamle kart frå landbrukskontoret for å kartlegge gamle grøfter og den generelle grøftetilstanden på garden.
Nokre er alt godt i gang med nygrøfting. For andre er det hyperaktuelt å leggja ein strategi på å trygga dreneringskapasiteten for framtida. Gravemaskin og røyr kostar flesk. Men investeringa held likevel vatn ut frå teorien om at ei jord i god dreneringstilstand legg grunnlaget for plante- og bondetrivsel saman med ei akseptabel botnlinje i rekneskapen.
God våronn når så langt lid!
Sjur Håland