Fylkeslaga i Norges Bondelag har gjennomført sine årsmøte i kjent stil. Det har som alltid vore møteplassar der stemninga er jovial og meiningane er rimeleg samstemte. For når årsmøteutsendingane møtest, har busteføyken og usemja langt på veg lagt seg. Dei tøffaste taka blir tekne i fora der dørene er lukka. Årsmøta betyr tid for å summere opp og tid for å konsentrere merksemda mot komande bataljar.
Organisasjonsapparatet til Bondelaget er berre å misunne for andre grupper som brenn for sine saker. Vi har sett det fleire gonger. Når den øvste tillitsvalte i Norges Bondelag opnar kofferten med dei ulike aksjonskodane, og trykker på rette knappen, reagerer medlemmane momentant og syner att så det monnar. Over heile landet, frå Agder til Finnmark.
Leiar, Nils T. Bjørke, har gode grunnar til å memorere kodane. For det blir harde tak til våren, og det blir heftige bruduljar gjennom heile vekstsesongen, før ei ny regjering skal benka seg rundt kongens bord til hausten.
Kva må til for at unge vil satse på ei framtid som matprodusentar i eit land som flyt over av ikkje-biologisk mjølk og honning? Vi besøkte nyleg ein ung bonde nord på Vestlandet. Han hadde nett fått traktoren sin heim frå service. Fakturabeløpet frå verkstaden var på 22 000 kroner, og den unge bonden, med jobb utanom gardsdrifta, rista oppgitt på hovudet.
Norske bønder har opplevd inntektsauke dei siste åra. Men kostnadane har auka meir. Ingen treng vere i tvil om at bøndene også dette året kjem til å synleggjere behovet for eit monaleg økonomisk løft frå Staten, om dei skal vere i stand til å nå måla om produksjonsauke saman med dei andre måla i Landbruksmeldinga.
Skal det i det heile vere eit poeng i å trykke på bremsepedalen i høve til strukturutviklinga, må årsmøta sine krav til investeringsverkemiddel følgjast opp. Det gjeld for dei mange 120 000 liters mjølkebruka som framleis finns i 0-sona på Jæren. Og det gjeld for dei mange bruka lenger nord på Vestlandet. Mellom Sognefjorden og Nordfjord blir det, til dømes, årleg produsert meir enn 80 millionar liter mjølk. Mjølkekvotane i vestlandsfylket ligg på drygt 100 000 liter og er på strukturveg oppover. Ingen kan vente at neste generasjon bønder vil halde fram med å produsere mat utan å få høve til å fornye driftsapparatet og ta del i den teknologiske utviklinga. Det vil i praksis mellom anna bety mjølkerobot, også på bruk med mjølkekvotar under
250 000 liter.
Lista over utfordringar er lang for Bondelaget sine representantar, som skal gå bøndenes ærend i arbeidsåret som kjem. Landbruket har gode kort på handa. Korta er opne for innsyn for dei som vil sjå. Det handlar ikkjebare om bondens ve og vel, men om mat og matvaretryggleik. Ordet mat bør vere eit godt utgangspunkt når ein skal finne farbare vegar for å få opp produksjonen av storfe og lam. Nok mat for framtidas befolkning må leggjast til grunn når kommersielle interesser ønskjer å erstatte matjord med asfalt eller betong. Det handlar om det mest grunnleggjande av alt, mat, når ein skal prøve å finne verkemiddel for å auke kornarealet og grovfôravlingane, eller for å utnytte handlingsrommet som tollvernet gir.
Landbruket sine utfordringar er inga ønskjeliste, men ei liste over turvande tiltak frå bønder som tel på knappane om dei skal velje å produsere mat framover, eller heller ta minste motgangs veg inn i velstandsbobla og velje sikker inntekt og godt med fritid for seg og sine.
At det alt er mange inni denne bobla, synleggjer regjeringa som somlar med å frigje grøftetilskotet på grunn av eventuelle flintstein-fragment som må sikrast først. Og det i ei vassjuk jord som alt har vore grøfta og snudd fleire gonger.
Meiningslaust sommel blir det lite mat av.
Sjur Håland
sjur.haland@fkra.no