SIST MÅNDAG presenterte komande statsminister, Erna Solberg, og FrPs leiar, Siv Jensen, den politiske plattforma for den komande Høgre-FrP regjeringa. Regjeringserklæringa uttrykker mellom anna følgjande målsetting for norsk landbruk:
Regjeringen vil skape et levedyktig landbruk ved å styrke mulighetene for verdiskaping. Jord- og skogbrukernes stilling som selvstendig næringsdrivende skal styrkes. Regjeringen vil opprettholde avtaleinstituttet i jordbruket, og legge vekt på forutsigbarhet og reformer som kan gi økt lønnsomhet. Norske matprodusenter skal ha konkurransedyktige rammebetingelser for etablering og produksjon.
VI MERKAR OSS at erklæringa har målformuleringa; Norske matprodusenter skal ha konkurransedyktige rammebetingelser for etablering og produksjon. Det er denne plakaten resultata av regjeringa sin landbrukspolitikk bør målast etter. Vi legg til grunn at den komande regjeringa er forplikta på eigne uttalar. Høgres næringspolitiske talsmann, Svein Flåtten, stadfestar målsettinga i “alle media” og uttalar at jordbruket har ingen ting å frykte under ei Høgre-FrP regjering.
UTFORDRINGA for landbruket, og alle andre som vil ha norsk matproduksjon tufta på norske ressursar, er å overtyda dei nye makthavarane om at mange av dei tiltaka som er skisserte i regjeringserklæringa er i konflikt med målformuleringane.
- I dokumentet peikar regjeringspartia mellom anna på fylgjande tiltak i ein blåblå landbrukspolitikk:
- tollmurane bør reduserast
- tydelegare skilje mellom landbrukspolitikk og distriktspolitikk
- meir kostnadseffektiv matproduksjon
- forenkling av lover, regelverk og støtteordningar
- i størst muleg grad oppheve kvoteavgrensingar og konsesjonsgrenser
- redusere nivået på overføringane i takt med nemnte opphevingar
- auka konkurranse i næringsmiddelindustrien
- gjera marknadsreguleringsordninga meir uavhengig av samvirkeorganisasjonane
- balansere jordvernet mot samfunnets behov
- oppheve konsesjonslova, buplikt, delingsforbod og priskontroll
I positiv lei har regjeringspartia peika på tiltak som kompetanseutviklingstiltak og å etablere ei ordning for fondsordning i jordbruket.
EFFEKTEN Av DEI TILTAKA som er skisserte vil mellom anna vera sentralisering, prispress og ytterlegare skjerpa effektivitetskrav til bonden. Difor er det heilt avgjerande at næringa går i dialog med dei nye makthavarane og viser konsekvensane av dei ulike tiltaka. Konsekvensutreiing og synleggjering er nøkkelord i den dialogen som må koma for å peika på gapet mellom målsetting og tiltak.
REGJERINGSPARTIA er avhengig av støtte frå samarbeidspartia KrF eller Venstre for å få gjennomslag i Stortinget for ei kraftig høgredreiing av landbrukspolitikken. Vi føreset at opposisjonspartia står fast på gjeldande landbrukspolitikk slik den er utforma i landbruksmeldinga og i påfølgande vedtak om tollskjerming og i gjeldande jordbruksavtale.
LANDBRUKSPOLITIKK handlar til sist om å sikre det norske folket sitt uttalte krav om trygg mat og sikker matberedskap. Då er vi avhengige av å ha ein landbrukspolitikk som er tilpassa norske vilkår med norsk lønnsnivå, varierande struktur- og ressursgrunnlag.
Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no