Flammane i Amazonas blottstiller kor avleggs det globale handelssystemet vårt er.
Det seier mykje om oss og økonomien vår at me sjølv for noko så grunnleggjande viktig som mat og dyrefôr har gjort oss avhengige av jorda til folk på motsett side av kloden.
Ja, også det me ikkje lenger har bruk for, som til dømes skitten plast, løyser me ved å deponera det så langt unna som i Kina.
Denne økonomiske logikken bandlegg og utarmar enorme landområde og naturressursar. Saman med svermar av lastebilar, skip og fly som held maskineriet i gang, fører det til enorme utslepp av klimagassar.
Fine klausular som skal hindre avskoging eller oppnå klimamål – slike næringsminister Torbjørn Røe Isaksen viser til når Noreg no inngår handelsavtale med søramerikanske jordbruksgigantar, verkar ikkje. Prov for påstanden finn me lista opp i nye og skræmande rapportar frå FNs klima- og naturpanel. Utsleppa går opp, naturmangfaldet ned.
Når verda snarast må bli utsleppsfri, og når klimaendringane gjer det vanskelegare å laga mat til stadig fleire folk, seier det seg sjølv at den grenselause handelen ikkje kan halde fram som før.
Den nye Mercosur-avtala opnar for meir tollfri import til Noreg av mellom anna kjøt, epler og kraftfôrråvarer. Kva skal me eigentleg med dette, når me alt hiv ein tredel av maten? Me må ha avsetting for laksen vår, er eit vanleg svar. Laks som er feita opp på brasiliansk soya, sendt til utlandet for prosessering og vidare med fly rundt i verda…
Brannane i regnskogen nører naturlegvis også opp under den norske kraftfôrdebatten. Det nyttar så lite at soyaen til laks og husdyr er sertifisert som regnskogvenleg, når den indirekte held oppe presset både på urørt natur og matjord på andre sida av verda.
Målsettinga vår er som kjent meir mat på norske ressursar. Det som no skjer i Brasil er ei påminning om kor risikabelt og klimaskadeleg det er å setja sin lit til import av mat og over 40 prosent av fôrråstoffet me brukar.
Bismaken som sistnemnde gir til norsk mjølk og kjøt forsvinn først når me klarer å fasa ut soya, få lønsemd i proteinutvinning frå tre og tare, og, ikkje minst, auke bruken av vårt eige gras. Det hastar med å få til dette, for no brenn det under føtene våre.
Bothild Å. Nordsletten