VED STARTEN av jordbruksoppgjeret kan bondeorganisasjonane gleda seg over brei støtte i Stortinget. I innstillinga til ny jordbruksmelding 6.april slo dei folkevalde beina under dei mest liberale framlegga til landbruksminister Jon Georg Dale. Regjeringa si hovudmålsetting om eit kostnadseffektivt landbruk vart forkasta. Tysdag gjekk meldinga gjennom Stortinget. Målet for norsk jordbrukspolitikk er heretter auka matproduksjon med grunnlag i norske ressursar.
Tetting av inntektsgapet, strukturspørsmål og betre forhold for små- og mellomstore bruk blir sentrale saker i oppgjeret. Gitt dei klare føringane frå Stortinget har Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag grunn til å venta framgang.
Jordbruksforhandlingane er viktige, men skulle utfallet bli eit anna enn det bøndene kjempar for, kjem det nye sjansar til å korrigera kursen neste år. Den fleksibiliteten gjeld diverre ikkje i Noreg sine avtalar med EU, som no ser ut til å kunne få langt meir alvorlege konsekvensar for landbruket enn både jordbruksoppgjer og -meldinga.
DAGEN FØR STORTINGET påførte regjeringa ei rekke nederlag i jordbruksmeldinga, vart regjeringa og EU-kommisjonen samde om ei ny avtale etter artikkel 19 i EØS-avtala om handel med landbruksvarer. Avtala inneber mellom anna at den tollfrie importkvota for ost blir auka med 1200 tonn til 8400 tonn og at EU si kvote for storfekjøt aukar med 1600 tonn til 2500 tonn. Desse mengdene kjem i tillegg til rause kvotar gitt i to tidlegare avtalar som til saman utgjer eit underkommunisert, men alvorleg trugsmål mot norsk matproduksjon.
DALE HEVDAR AT forhandlingsresultatet er godt forankra i norsk landbrukspolitikk. Vel har fleirtalet på Stortinget gitt si støtte til ei liberalisering av jordbrukshandelen, men det er svært vanskeleg å sjå korleis denne avtala er i tråd med Stortinget sitt ønske om auka norsk sjølvforsyning og matproduksjon med grunnlag i norske ressursar. Berre den nye ostekvota tilsvarar mjølk frå rundt 70 gjennomsnittsbruk, ifølgje Bondelaget. Konsekvensen av auka import er at behovet for norsk mjølk blir mindre. Korleis ein i eit hav av utanlandsk ost skal få avsetting for mjølkeoverskotet som kjem når eksportstøtta til Jarlsberg vert fasa ut mot 2020, framstår meir og meir som eit mysterium.
ANTEN DET GJELD mjølk eller kjøt står norske bønder i fare for å tapa marknadsdelar på mat dei har alle føresetnadar for å produsera sjølve. Den nye artikkel 19-avtala kan såleis få svært alvorlege konsekvensar for norsk matindustri, for lokal verdiskaping og sysselsetting – og for rekruttering til landbruket. Det skal noko til å satsa, når politikken undergrev føresetnadane for å lukkast. Formålet med artikkel 19 -forhandlingane er gradvis liberalisering av handelen, men tiltak for å fjerna handelshindringar er meint å vera fordelaktige for båe parter. Me kan ikkje sjå korleis denne avtala gagnar norsk jordbruk. Også Noreg får utvida tollfrikvotar til EU, men med vårt høge prisnivå, vil tilgangen for norske jordbruksprodukt på EU-marknaden alltid vera avgrensa. Handelen er alt svært ubalansert, til fordel for EU. Nettoimporten av landbruksvarer frå EU har tredobla seg sidan 2000. Me importerer no seks gonger meir frå EU enn EU importerer frå oss.
KOR MANGE ARTIKKEL 19 -avtalar og kor mykje liberalisering toler norsk landbruk? Avtala blei lagt fram for Stortinget førre fredag, som var siste frist for å leggja fram saker før sommaren. Skulle det koma til ei avstemming før valet til hausten, tilrår me å følgja nøye med på stemmegivinga. Berekrafta i norsk landbruk står faktisk på spel.
FLEIRE PARTI har måtte kvessa landbruksretorikken sin denne våren og politikarane har nærmast kappast om å framstå som bondens besteven. Kjekt det, men snart kan me atter få avslørt kor truverdig politikken deira eigentleg er.
Bothild Å. Nordsletten