Bondevennens møtekalender
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
Norsk Landbruksrådgiving, Helleland
23. august, 2018
Bli med på lyngheitur til Haugalandet torsdag 23. aug.
Avreise frå Landbrukssenteret, Helleland, kl. 08.00, retur ca. kl. 21.00.
Bussen køyrer E39 til Mortavika og tek med deltakarar ved Esso Vikeså, Circle K Ålgård, Mortavika og på nordsida av fjorden. Gjev beskjed ved påmelding kor du vil gå på bussen.
Program:
Besøk i fleire lyngheiområde på Bokn og Tysvær.
– Orientering om Haugaland lyngbrannreserve v/Ove Stumo.
– Regelverk om utegangardyr v/Olav Tørresdal, Mattilsynet.
Annlaug Fludal er lokalkjent guide og blir med bussen på Haugalandet.
Matpause med varmrett hjå Komplett Utemiljø, ved Høiemarka. Gjev beskjed om evt. matallergiar ved påmelding. Mat og drikke for resten av dagen må den enkelte sjølv ta med.
Pris: kr 200,- pr. person.
Alle interesserte er velkomne!
Påmelding omgåande til sentralbordet, tlf. 51 78 91 80, eller elektronisk på heimesida https://rogaland.nlr.no
Fagturen blir støtta av Fylkesmannen i Rogaland
Arr.: Norsk landbruksrådgiving Rogaland
Ønsker du ditt arrangement under faglag og møte i bladet og i denne kalenderen kan du sende det inn her.