Bondevennens møtekalender
- Dette arrangement har allerede funnet sted.
KURS OM EIGARSKIFTE PÅ LANDBRUKSEIGENDOM
2. oktober, 2018
Kurset vil bli halde på Alver Hotel 2. okt. kl. 19:00.
Dette kurset passar for dei som planlegg eller står ovanfor familieeigarskifte av landbrukseigendom og går inn på tema som tidsperspektiv, mellommenneskelege forhold, verdiar, økonomi og sjølve prosessen. Sidan dette kurset blir halde i sentrale strøk, vil føredraghaldaren kome inn på temaet om korleis bonden kan best mogleg posisjonere seg i forhold til ekspropriasjon/sal av landbrukssjord.
Hordaland Bondelag stiller på kurset og vil vera tilgjengeleg for spørsmål undervegs i møtet.
Tveit stiller også med ein eigen stand, der me informerer om digitale rekneskapsløysingar. Her vil du kunne stille spørsmål om ting du lurar på og også sjå korleis desse løysingane fungerer i praksis.
Det er gratis å delta på kurset, men det krev påmelding. Sjå tveit.no/kurs eller ring inn til oss.
Det blir enkel servering i løpet av kurset.
Vel møtt!
Har du spørsmål, ta kontakt med: Arve Levåg, 988 51 680, arve.mork.levag@tveit.no
Arr.: Tveit Rekneskap AS
Ønsker du ditt arrangement under faglag og møte i bladet og i denne kalenderen kan du sende det inn her.