Jerseybønder frå heile verda

Den 23. verdskonferansen for jerseykua vart arrangert i Danmark i slutten av juni.
120 besøkande frå store delar av verda, og eit par hundre danskar,
var samla til konferanse, fagtema og ikkje minst mange gardsbesøk.
Årskonferansen har vore arrangert kvart tredje år sidan 1950-åra. 

Jersey verdskonferanse

61 prosent (26 millionar dekar) av arealet er jordbruksjord.
80 prosent er brukt til å produsere fôr til husdyrproduksjon.
Andre viktige vekstar er vinterkveite (5 milli. dekar),
bygg (6,6 mill. dekar), og mais (1,7 mill. dekar).
Danmark har 1,5 millionar storfe.
Holstein er størst, fulgt av jersey og dansk rødt kvæg.

Dansk vinkling

Tema som avl, mjølka som råvare i eit langsiktig perspektiv,
kjøtproduksjon på jersey, jerseykua sin posisjon i framtida
og sjølvsagt klima, stod på dagsorden.
Viking Jersey har i mange år hatt fôreffektivitet som eit mål for jerseyrasen. 
.

Ulvsbjerggård


Marianne og Hans Ulvsbjerg Rasmussen
eig og driv Ulvsbjerggård i lag med sonen Jeppe, og hans kjæraste Froukje.
Familien har ein buskap på 320 mjølkekyr og 500 ungdyr.
Dei driv 2400 dekar dyrka jord fordelt på blant anna
mais, gras, havre, kveite, 
og grasfrø. 

Høg produksjon

Snittyting i buskapen er på 8,858 kg mjølk,
med 5,80 prosent feitt og 4.44 prosent protein,
totalt 885 kg protein + feitt per årsku.
Livstidsyting er i snitt på 38.366 kg EKM.

Neste generasjon 

Jeppe er dagleg leiar for drifta på garden.
Her i lag med sambuar Froukje. Dei har i tillegg to
fulltidstilsette og to i deltidsstillingar.

Framtida på Ulvsbjerggård

Garden vart bygd av Hans sin oldefar i 1930.
Sonen til Froukje og Jeppe, Magnus, vil bli femte generasjon på garden,
dersom han nokon gong vil overta,
og dersom garden ikkje blir bygd ned av
tettstaden Middelfart, som utviklar seg raskt i areal.

Utstilling

Bøndene hadde plukka ut interessante kyr
med tanke på avl og produksjon. Infotavler fortel om avstamming,
avlsverdi og yting. Kviger blir inseminert med X-Vik (kjønnsseparert)
og lågrangerte kyr blir inseminert med angus.
Årleg sel dei rundt 180 kviger til liv.
Somme blir kjøpt av Viking for embryoproduksjon.
Oksen VJ Giga kjem frå Ulvsbjerggård.

Dansk gjestfridom

Familien tek imot gjestene
med dansk konditorkunst,
raust fylt med jordbær
og kvit sjokolade, og
tradisjonelle romkuler, kåra
til Danmarks beste. Alt servert
av Marianne og Froukje.

Dekka bord og gardsinfo 

Gjestene frå heile verda fekk nyte kaffi og kake,
medan dei fekk høyre korleis Hans og Marianne har utvikla garden
frå 30 kyr til ein flokk på 320 kyr som vert mjølka i fire mjølkerobotar.

Kalvar utandørs

Hytte på hytte med kalvar.
Den første månaden er dei i enkeltboksar,
så over i grupper på 5-6 til dei er rundt fire månadar.

Romsleg fôrsentral

Kvart fôrslag har si eiga celle.
Her er det raps, kveite, mask, og roer.
Samt halm som blir brukt til strø hjå kalvar og ungdyr.

Fullfôr på fôrbrettet

Fôrrasjonen består av 17 kg mais og 8,9 kg grassurfôr,
samt 6,9 kg roer, 1,4 kg soda-kveite, 1,6 kg rapsmjøl,
2 kg rapskake, og 0,4 kg halm,
samt vitamin, mineral, salt, calsium, feitt og urea.

Grovfôr

Grovfôrrasjonen består av
1/3 gras frå to slåttar, og 2/3 mais,
pluss litt halm for struktur.

Optimalisering av fôring og avl – Cattle Feed Intake System (CFIT)

Kamera plassert over fôrbrettet.registrerer kua sitt fôropptak kvar gong ho er ved fôrbrettet.
Poenget er å måle fôropptak i forhold til produksjon, og få eit mål på fôreffektivitet (kost/nytte).
Systemet estimerer òg kua si vekt, og gir informasjon om jur- og klauvhelse.
Informasjon frå fôrbrettet i lag med produksjonsdata, gjer bonden i stand
til å optimalisere fôring og avl,
noko som har positiv effekt på klimaavtrykk.
Alt ved bruk av kunstig intelligens.

Frå Canada til Danmark

Canadiske Patrick MacDougall,
driv gard sør for Montréal i Québec.
Dei driv 1052 dekar med jord,
og mjølker 75 jerseykyr.
Canadiske bønder har mjølkekvotar
målt i kilo feitt.
Familien MacDougall har
ein kvote på 100 kilo
mjølkefeitt per dag
(360.000 per år).
Ytinga er 7800 kilo mjølk,
med 5,7 prosent feitt
og 4,2 prosent protein.
Kyrne mjølkar i snitt
1,35 – 1,40 kilo feitt per dag.

Arla på tunet

Arla er eit meierisamvirke med 8000 eigarar i sju land.
Arla tek imot 13,9 milliardar kilo mjølk frå 1,5 millionar mjølkekyr.
Meierigiganten med 21 tusen tilsette og distribusjon i 146 land,
er verdas fjerde største, målt i volum,
Arla er verdas største økologiske meieriaktør.

Juulsgaard

Niels Ulrik Andersen og kona Dorte
har ein buskap på 420 mjølkekyr,
og driv 4500 deka jord i samarbeid med naboen.
Naboen har ansvar for jorda og fôrproduksjonen.
Niels Ulrik har ansvar for dyra.
Dei nyttar kjønnsseparert (X-Vik)
på 35 prosent av dyra, og kjøtfe på resten.
Niels Ulrik har ein av dei høgstytande
jerseybesetningane i Danmark.

Fullfôrmiks

Fôrrasjonen hjå Juulsgaard består av
5,1 kg maisensilage, 1,6 kg grassurfôr,
0,25 kg halm, 3,25 kg mais, 1 kg mask
og 8,3 kilo konsentrert blanding av
soya, raps, korn og mais.
Alt målt på tørrstoffbasis;
20 kilo tørrstoff per ku per dag.

Kyr på djupstrø

Kyrne er delt i tre flokkar, alle på djupstrø.
Nykalva kyr går i ei gruppe,
og førstekalvskyr i ei gruppe.
Eldre kyr får gå med førstekalvarane ein månad
før dei vert flytta over i gruppa for eldre kyr.

Dyrevelferd i høgsete

Danske mjølkebønder har strenge og detaljerte krav til dyrevelferd.
God tilgang til vatn er sjølvsagt.
Store vifter i taket gir god sirkulasjon i lufta,
og i alle dyr, heilt frå kalven, har kløkostar.

 

Topp genetikk

Også Juulsgaard har levert
fleire avlsoksar til Viking, blant anna
VJ Hamulus, VJ Nihari og VJ Harder.

Til mjølking

Buskapen til Niels Ulrik og Dorte tel 420 kyr,
og dei har ei yting på 8749 kilo mjølk
med 6,06 i feittprosent
og 4,34 prosent protein.

Mjølkestall

På Juulsgaard har dei fire tilsette og to lærlingar.
Kyrne blir mjølka i ein mjølkestall med 2X24 fast exit.

 

 

 

 

 

Fodermester på Juulsgaard

Line Rasmussen (25) er fodermester på Juulsgaard.
Ho startar arbeidsdagen kl 04.00.
Etter mjølking ser ho over buskapen,
før ho og dei andre tilsette et
frukost (morgenmad) i lag med eigarane.
Det er Line som har ansvar for inseminering,
avsining, dyrlegebesøk
og det meste som har med dyra å gjere.

Erfaringsutveksling

Nederlandske ?? nytta høvet
til å spør Niels Ulrik om strategiar for avsining.

Gjenbruk av bygg

Det gamle fjøset på
garden er nytta til
sinkyr og kalvingsbingar.

Gode minner

?? frå Australia har
50 års fartstid
som mjølkebonde “Down Under”.

Eteplass til alle

Niels Ulrik bygde eit utvendig fôrbrett
med spalter over kanal, slik at alle kyrne
no har tilgang til fôrbrettet samstundes.

Norsk delegasjon

Norske jerseybønder var representert med
blant anna Ove Morten Sør-Reime (f.v.),
Erik Mikal Tjåland, styremedlem i Europeisk Jersey Forum,
Sindre Årsvoll, leiar av Norsk Jersey,
og Lars Dyre Nærland. Alle frå Jæren.

Velbekomme

På siste gardsbesøk var det dekka til
middag og grillmat. Grillsjef Morten byr
blant anna på jerseypølser.

Frå 60 til 775 kyr

Jacob Nielsen og kona Susanne,
som arbeidet som sjukepleiar.
Det starta med at Jacob kjøpte ein gard
med 60 kyr og 560 dekar jord.
I dag er flokken på 775 mjølkekyr.
Dei har åtte tilsette på garden,
inkludert ein fjøsmester.

Utvendig fôrbrett

På Petersminde består grovfôrrasjonen av
33 prosent grassurfôr og 67 prosent mais,
i tillegg til diverse proteinkjelder.

Kalveoppstalling

På Petersminde har kalvane eige fjøs.
Dei første dagane i enkeltboksar,
så to og to,
seinare i grupper på seks.

Opne fjøs

Fjøsa er bygd av murstein
og er opne og luftige med brei fôrgang.
Og gjerne utandørs fôrbrett.

Vatn frå vasspegel:
Skal kyrne mjølke må dei har vatn
– reint vatn frå vasspegel.

Nykalvarar på halm: Buskapen er delt i fleire
grupper, og nykalvarane får ligge i halm.
Overgang til fjøset med mjølkegrav bak til venstre.

Frå robot til mjølkestall: Jacob Nielsen investerte
i robotmjølking til sine 475 kyr i 2008, men har i dag
lagt tilbake til mjølkestall og auka buskapen til 775 kyr.

Litt å lære: – Me har litt å lære frå andre land,
som beiting, management, og fleire laktasjonar,
seier jærbonden Erik Mikal Tjåland.

Kristian Sørensen,
Tranbjerg Østergaard:

Kristian og sonen ??
som hjelper til når han har fri frå skulen.

Mange kombinasjonar: Når dei er ferdige med mjølk,
blir dei flytte over i større fjøs og større grupper.
75 prosent av dei er kryssingskalvar.
Kristian slaktar 3600 kryssingskalvar i året.

Mjølkefôring: Det tek nokre timar
når rundt 1000 kalvar skal ha mjølk.

Lokalprodusert: Kristian Sørensen
kjøper fôringskalvar frå 22 bønder
i området, fôrar dei fram til slakt
rundt ti månadar gamle.

40 års erfaring: Vagn Lindy Petersen overtok garden etter sine foreldre
i 1985. 40 år seinare har dei bygd opp Adelgaard Jersey til å bli .
Dei har i dag 312 kyr som i snitt mjølker 8975 kilo mjølk,
med 5,85 prosent feitt og 4,26 prosent protein.

Familiebedrift: Heile familien står bak satsinga, og kona Gitte,
dei fire vaksne barna, svigerbarn og barnebarn stod fram då
Vagn Lindy Petersen presenterte garden for dei mange gjestene.

Utviklinga av Adelgaard:
Kartet viser korleis familien
Petersen har utvida drifta
gjennom dei siste 40 åra.

Tre generasjonar:
På Adelgaard er heile familien engasjert i garden.
Her er Ida, eldste barnebarn til Van nog Gitte.

Adelgaard Jersey: På Adelgaard stod det vel 20 kyr
stilt ut då gjengen kom til gards. To dommarar frå kvar
av deltakarlanda skulle eksteriørvurdere kyrne og sjå
kven som kom nærast det som vart sluttresultatet.

Ettertrakta eksteriør:
Adelgaard har levert mange
eliteoksar, blant anna
VJ Kasino, VJ DonP,
VJ Swan og VJ Danka.
Buskapen på Adelgaard
blir eksteriørvurdert med
jamne mellomrom og har
per i dag ein score på 87,5.

Dansk genetikk: Dei ulike land har ulike mål for avlen, og synet på kva som er ei
funksjonelt god ku vil variere etter korleis driftsopplegget er i dei respektive landa. 

Vinnar av eksteriørdømminga:
Kua er født 5. januar 2022.
Ho har ein Y-indeks på 121 og NTM
på 18. Ho kalva 29. november i fjor, og
har mjølka i snitt 38,4 liter EKM per dag.
Far er VJ Domino, morfar er Casino.

Lang erfaring: Peter Larson (t.v.) har
jobba med avl på jerseyrasen og tett
på danske bønder i 33 år.
Vagn Lindy
Petersen har mjølka jersey i snart
40 år, og har levert mykje
ettertrakta genetikk til jerseyavlen.

Maks avslapping: Kalvane har god plass
og tørt og fint leie. Då er det godt å strekke
seg heilt ut og berre nyte.

Halm eller sand: I tida rundt og etter kalving er kyrne
i djupstrøbingar med halm. Resten av laktasjonen har
dei liggebåsar med sand, for best mogleg komfort.

God plass: I alle avdelingar er det god plass i
tverrgangar og framfor fôrbrett og mellom liggebåsrekkene.

Frå mjølkegrav til karusell:
I 2018 utvida familien med eit nytt fjøs og mjølkekarusell
med plass til 48 kyr. Dei har tre fast tilsette på garden.

Frå beitelandet New Zealand: Sara Edwards (28) overtok
garden Windy Ridge Farm frå ein onkel. Ho driv i lag med
si 19 år gamle syster. Kyrne beitar ut heile året,
og på New Zealand når kyrne ofte åtte ni laktasjonar.

Tekst.