Dyre tider: Med mindre energimarknaden snur opp ned på seg utover våren, vil det høge kostnadsbilete bli ein del av bondens kvardag utover året. Foto: Istock
Underteikna har jobba som økonomirådgjevar i Tveit Regnskap sidan 1998. Sjeldan har bonden vore i meir turbulente tider økonomisk enn han/ho står i ved inngangen til 2022.
Andreas Lundegård, Tveit Regnskap AS
På mange måtar er dette litt underleg. I utgangspunktet ligg det meste til rette for ei god inntening hjå bonden. Grunnpilaren for å gi bonden sikker og stabil inntekt er marknadsbalanse. I all den tid eg har vore med å analysert bonden si inntening har denne vore avgjerande. Koronapandemien har på litt underleg vis slått positivt ut for bonden. Eg og du som forbrukar konsumerer stort sett maten vår her heime. I liten eller ingen grad svenskehandel, ei heller reiser me til varmare strok. Dette har ført til at innanlands etterspurnad etter matvarer har nærast eksplodert, og bønder/næringsmiddelindustri har produsert det reimar og tøylar kan makte. Normalt gir dette grobotn for stabile utbetalingsprisar og sikker inntekt for bonden.
Alt opp
Likevel opplever ein stor bekymring og det vert ropt varsko frå næringa. Krybba er tom og hestane er i ferd med å bitast. Kva skuldast nå så dette? Ein skal ikkje vera særs dyktig rakettforskar for å ha fått med seg grunnane til dette:
- Eksploderande gjødselprisar internasjonalt
- Auka energiprisar, både på elektrisitet og diesel (energi påverkar og gjødsel)
- Stigande kraftfôrpris
- Stigande rente
- Generell prisstigning.
Kva med straumkompensasjonen?
Denne teksten vart skriven like før regjeringa kom med straumpriskompensasjon til bøndene 17.januar. Om korleis tala hans ser ut etter dette seier Andreas Lundegård:
− Det vil nok stadig kunne koma litt endringar, så eg har ikkje rekna om for alle alternativa. Men har rekna for mjølk, og då ser kostnadsauken ut til å bli redusert frå 12.000 kr. til 7000 kr. pr. år. Så det slår litt ut, men bonden må dekke ein del sjølv òg.
− Grunnen til at utslaga ikkje blir større er at me tok utgangspunkt i 40 % auke i straumkostnad i høve 2022. Då føresette me at dei høge desember- og januarprisane ikkje ville vedvara heile året, men at eit snitt ville ligge 40 % over. I mine re-utrekningar har eg føresett at halve året får med straumkompensasjon (sjølv om det berre er lovd 3 mnd nå i starten). Då er prisen sett til 1,5 pr. kWh (staten dekker 80 % av prisen over 70 øre), og resten av året betalar bonden 1 kr. pr kWh og må dekke alt sjølv. I fjor føresette me 70 øre som straumpris.
Og isolert sett har me fått innblikk i korleis dei ulike faktorane har endra seg. Gjødselprisen har mest dobla seg, frå 4 kr/kg til 6-8 kr/kg, straumpris på 1,8 kr pr. kWh mot normalt 30-40 øre pr. kWh. Men ein har i liten grad sett tal på korleis dette vil slå ut på totalen for bonden.
Tre døme
Tveit Regnskap AS har i ei årrekke køyrt statistikk bondeøkonomien og har såleis eit godt grunnlagsmateriale for å rekne på dette. Og i tillegg er det i media framstilt ein god del tal på korleis dei ulike brotstykka endrar seg. I det vidare vil me prøve å setje dei ulike faktorane saman og sjå korleis dette slår ut.
Tre ulike gardar, men med same arealstorleik. Produksjon som følgjer:
- Gard nr 1 har 28 mjølkekyr, mjølkekvote på litt over 200 tonn.
- Gard nr 2 har 32 ammekyr, fôrar fram alle dyr til slakt
- Gard nr 3 har 300 vinterfôra sau.
- Alle har eit areal på 200 dekar fulldyrka og 100 da beite
Me har rekna på desse endringane i innsatsfaktor:
- Gjødselkostnad stig 70 %.
- Straumkostnaden stig 40 %
- Dieselprisen stig 20 %
- Lånerenta stig med 0,5 prosentpoeng.
- Generell stigning på kraftfôr og innkjøpte varer/tenester
Ein har i utrekningane brukt Nibio sine driftskalkylar for å stipulere forbruk av ulike innsatsfaktorar, og samstilt desse med våre eigne statistikkar. I utrekningane har ein prøvd å setje opp auke på innsatsfaktorar opp mot auke på inntektssida gjennom meirprisar via jord bruksavtale/kjøttprisar – samt endringar i tilskot m.v. Auka investeringskostnad er rekna inn i rentekostnad.
Det er nok ikkje er feil å rope litt varsko.
Ein får dette bilete for dei ulike gardane:
Gardsbruk 1. Mjølkeproduksjon på 210 tonn 28 kyr
Kostnader:
Gjødsel og kraftfôr 59 000 kr
Energi (diesel og straum) 18 000 kr
Generell prisauke og finanskostnader 49 000 kr
Sum kostnadsauke 126 000 kr
Inntekter:
Auke marknadsprisar 37 000 kr
Auke tilskot 30 000 kr
Sum inntektsauke 67 000 kr
Inntektsnedgang (kalkulert) 58 000 kr
Gardsbruk 2. Ammeku, 32 årskyr og fullt påsett
Kostnader:
Gjødsel og kraftfôr 46 000 kr
Energi (diesel og straum) 14 000 kr
Generell prisauke og finanskostnader 38 000 kr
Sum kostnadsauke 98 000 kr
Inntekter:
Auke marknadsprisar 27 000 kr
Auke tilskot 23 000 kr
Sum inntektsauke 50 000 kr
Inntektsnedgangs (kalkulert) 48 000 kr
Gardsbruk 3. Sau, 300 vinterfôra sau
Kostnader:
Gjødsel og kraftfor 35 000 kr
Energi (diesel og straum) 11 000 kr
Generell prisauke og finanskostnader 31 000 kr
Sum kostnadsauke 77 000 kr
Inntekter:
Auke marknadsprisar 25 000 kr
Auke tilskot 35 000 kr
Sum inntektsauke 60 000 kr
Inntektsnedgang (kalkulert) 17 000 kr
Kjem til å vara
Reknestykka over må sjølvsagt takast for det dei er, eit anslag på korleis ein vurderer situasjonen i 2022. Arbeidet er ikkje gjennomført med heilt same presisjon som Budsjettnemnda/Nibio, men det gir oss eit bilete av korleis stoda kan bli ut frå dei gjevne føresetnadane. Så kan ein sjølvsagt diskutere dei føresetnadane som er lagt. Nokre vil hevde utslaga er større, andre det motsette. Men det gir oss uansett eit bilete av at situasjonen, og at det nok ikkje er feil å rope litt varsko, slik bondeopprørarar med fleire har gjort. Situasjonen har endra seg mykje berre dei siste par månadane.
Og med mindre energimarknaden snur opp ned på seg utover våren, vil nok dette bli ein del av kvardagen til bonden utover i 2022.