Ingen kan gi lovnad om evig suksess, men økonomien i kyllingproduksjon er betre enn på lenge.
Reidun T. Kristiansen
Tilførselsledar Fjørfe, Nortura
Forbruket av kylling når stadig nye høgder. Kvar nordmann et no tjue kilo kylling per år. Denne sterke auken har ført til at mange har fått avtale om å få starta opp som kyllingprodusentar. Det er veldig kjekt å få oppleva den gleda og entusiasmen dei nye viser. Byggeperioden er svært travel. Når utgiftene først strøymer på er det viktig å få bygget fort ferdig. Det er utruleg triveleg når vel 20.000 nydelege gule nøste kjem inn i sin nye heim for første gong. Sjølv om ein har sett dette synet ofte, er det like fantastisk kvar gong å sjå kor fort kyllingane finn fram til mat og vatn. Dei storkosar seg i eit godt og varmt hus, nytt strø, kort veg til mat og drikke, og tusenvis av leikekameratar.
– Når kjem overproduksjonen?
Mange spør seg sikkert: Når vert det overproduksjon av kylling att? Me som har vore med i denne bransjen ei tid har opplevd mange opp- og nedturar. Me kan sjølvsagt ikkje lova at me aldri får overproduksjon. I ein marknad der det har vore opp mot ti prosent auke i forbruket kvart år, er det nesten umogleg å treffa “innertiar” til ei kvar tid. Samstundes vert det følgt nøye med i marknaden. Nortura er heile tida “på hogget” for å unngå lageroppbygging. Truleg kjem det fleire små justeringar. Det er billigare å bremsa litt på produksjonen ei kort tid enn å venta til ein har eit stort dyrt lager, og påfølgande sterk reduksjon i produksjonen.
Ein økonomisk tankevekkjar
I den siste tida har me hatt svært gode produksjonsresultat. Lågt fôrforbruk og høg tilvekst, normal dødelegheit og kassasjon, har ført til ein betre økonomi enn på lenge. Noko som er naudsynt. Det kostar 5 – 5,5 millionar kroner å byggja eit nytt kyllinghus. Inntekta må vera såpass som den er i dag for at dei som investerer så mykje tid og pengar skal ha eit brukbart arbeidsvederlag. Kyllingproduksjon er i aller høgste grad “de små marginers produksjon”. Det er ein tankevekkjar at dersom prisen i butikk aukar med 1 krone per kylling, så vil det føra til ein auka kostnad på 20 kroner per person årleg. Medan 1 krone auka dekningsbidrag per kylling til produsenten betyr 140.000 kroner meir per år. Når me veit at forskjellen mellom dei beste og dei dårlegaste produsentane er langt over 1 krone, ser ein at betring av produksjonen i eige hus er av stor verdi.
Fagleg påfyll
For at produsentane skal få til ein best mogleg produksjon har Nortura mange dyktige fagkonsulentar rundt om i landet. Her vil me ha ein kort presentasjon av oss to som er knytt til anlegget i Kviamarka på Hå. Me er lett tilgjengelege, og prøver å yta god service til ei kvar tid.
Stikkord denne saka: Fjørfe