Trivnad: I løpet av ein lang vinter er det godt for sauene å kome ut, puste frisk luft og strekkje på beina. Her er frilansskribenten sine sauer på Voss.
Kan lufting og mosjon gje enklare lamming og færre dødfødde lam? Resultata frå ei spørjeundersøking og eit feltforsøk med 1122 søyer tyder på det.
Anne Rivenes, frilansjournalist
– I sauenæringa ynskjer me så låge lammetap som mogleg, og så få fødselsvanskar som mogleg, seier Vibeke Tømmerberg, spesialveterinær i Helsetenesta for sau i Animalia.
Saman med Team småfe i Nortura starta Helsetenesta for sau i Animalia i 2019 ei spørjeundersøking blant bønder og sette i gang feltforsøk for å finne ut meir om korleis mosjon og lufting i innefôringsperioden påverkar lamming og helse hos sau.
Spørjeundersøkinga fekk 1235 svar og viste at 38 prosent av dei som har sau innandørs har rutinar for regelmessig lufting i vinterhalvåret.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.