Frå jord til fôr: Anne Kjersti Bakken oppmoda bøndene til å tenke strategisk og lage ein heilskapleg plan som set grovfôrdyrkinga i samanheng med fôrbehovet i fjøset.
Grovfôrdyrking og fôring – like viktige kvar for seg. Men veit du om grovfôrstrategien din er optimal til den drifta du har i fjøset?
Liv Kristin Sola
Under sist vekes samling i kurset Friskare kyr gir glad bonde, ga Nibio-forskar Anne Kjersti Bakken, deltakarane følgjande utfordring: – Kva vil du med avlinga di?
– Korleis planlegg du grovfôrsesongen og i kor stor grad tenker du samanheng mellom grovfôrdyrkinga og kva du skal bruke grovfôret til? spurde ho.
Fleire spørsmål enn svar
Bonden kan sin biologi; tida går og graset veks og får meir fiber og mindre energi og protein.
– Då må du vete om du treng mengde eller høg energiverdi, seier Bakken.
– Skal du handtere alle skifta dine likt, eller er det meir hensiktsmessig å vurdere ulikt slåtteregime på noko av arealet?
Eit rekneark over grovfôrproduksjonen på eit tenkt bruk – som godt kunne vore hjå ein av deltakarane, lyste opp på skjermen.
– Har du til dømes eit surfôrbehov på i sum 150.000 FEm, kan du ha ulike strategiar for å kome dit, seier Bakken.
Forskaren oppmoda bøndene til å tenke strategisk om grovfôrdyrkinga, og sette grovfôrproduksjonen i klarare samanheng med produksjonen i fjøset.
Anne Kjersti Bakken
Foto: Nibio
Legg ein plan for heile drifta
Ulike dyregrupper har ulikt fôrbehov. Bakken minna om at korleis du vel å dekke fôrbehovet til kalv, kviger, mjølkekyr, sinkyr og eventuelt oksar, er opp til deg, basert på dei ressursane du rår over og mål du har for drifta.
Forskaren oppmoda bøndene om å ta ein grunnleggjande diskusjon, gjerne i lag med ein eller fleire rådgivarar, og gjere ei vurdering om korleis dei kan utnytte grovfôrarealet for å optimalisere drifta på bruket.
Neste steg er å lage ein plan over val av planter, venta avling, kvalitet og slåttetid for dei ulike skifta.
– For at planen skal bli mest mogleg realistisk er dine erfaringar og målingar heilt avgjerande, understrekar Bakken.
Når vêret briskar seg
Ein ting er å ha ein plan, men når vêret skal ha sitt å seie, kan det sette heile planen ut av spel. Skjer det er det nyttig å ha tenkt gjennom ein plan B.
– Og kan hende ein plan C og D, slik som vêret har vore dei siste sesongane, seier Bakken.
Når ein veit kor ein skal hen, er det enklare å vete kva ein skal gjere om ikkje alt slår til som planlagt, er Bakken sitt bodskap.
Plan A, B ogC: Når ein veit kor ein skal hen, er det enklare å vete kva ein skal gjere om ikkje alt slår til som planlagt, er Bakken sitt bodskap.
Uvanleg tenkemåte
For bøndene fortsette utfordringa i grupperommet.
– Kven har ein strategi for grovfôrdyrkinga? spør Ingunn Skauen Ruud, fôringsrådgivar i Tine, og fast gruppeleiar for denne gruppa. Ho lar kvar enkelt svare for si drift og dei sju bøndene i gruppa fortel om sine mål og strategiar for fôrdyrkinga.
– Kva er fôrbehovet til dyra i drifta di?, utfordrar Skauen Ruud på neste spørsmål.
Bøndene er svar skuldig, og rådgivaren er ikkje overraska.
– Ikkje mange er opptekne av dette. Truleg er me i Tine heller ikkje aktive nok til å utfordre på akkurat dette spørsmålet, seier Skauen Ruud.
Bonden tek vanlegvis ei vurdering over grovfôrbehaldning, og bestemmer seg for om det er nok eller det må kjøpast inn meir fôr.
Ingunn Skauen Ruud
Ifølgje Skauen Ruud, var det mange som nytta seg av Tine sitt tilbod om to timar gratis rådgiving om fôrdisponering, etter den vanskelege sommaren i fjor. Rådgivaren ser gjerne at fleire vil ta seg tid til å tenke gjennom ein meir heilskapleg strategi for korleis dei nyttar areala sine og vurdere grovfôrdyrkinga opp mot fôrbehovet til dei ulike dyregruppene.
– Ei slik grunnleggjande vurdering kan gi nye moglegheiter. Kan hende er det andre strategiar som fungerer betre enn dagens, undrar Skauen Ruud.
Rådgiving mellom to stolar
– Har rådgivarapparatet i Tine nok kunnskap og verktøy til å gjere dette i lag med bonden?
– Eg veit ikkje, men eg skulle likt å bli utfordra på det, gjerne i lag med NLR, seier Skauen Ruud.
Ho trur slike spørsmål fell litt mellom to stolar, mellom Tine og NLR. Medan NLR er opptekne av jordarbeid, gjødsling og slåttetidspunkt for å få høge avlingar av god kvalitet, skal Tine hjelpe bonden med å utnytte tilgjengeleg fôr best mogleg.
– Eg er usikker på om det er kompetanse eller utfordring me rådgivarar manglar for å kunne planlegge ein heilskapleg strategi frå før vårvinna og fram til fôret skal brukast på fôrbrettet, seier ho.
Rådgivaren understrekar at dette ikkje treng vere så komplisert og tidkrevjande som det kan sjå ut som.
– Eg trur det vil vere interessant og nyttig, både for bonde og rådgivar. Truleg vil det også gi betre økonomi i drifta, summerer Skauen Ruud.
Ein peikepinn
Olav Martin Synnes, rådgivar NLR Vest, viste til tal frå Grovfôr 2020 der deltakarane i sør (inkludert Jæren) hadde 352 dekar i snitt og ei avling rett under 800 FEm/dekar. Kartlegginga viste også overraskande høge kostnadar med handtering av husdyrgjødsel. 40 kroner per tonn i snitt i sør, og 50 kroner i snitt for heile landet.
– Store variasjonar viser at det er potensial til forbetring for mange. For å bli betre må ein avdekke flaskehalsar. Det gjer ein best ved å gjere målingar og samanlikne seg med andre, var rådet frå Synnes.
– Kva er flaskehalsen her på Jæren? spurte Synnes.
Bøndene var ganske samde i svaret:
– Betre drenering og hyppigare fornying av eng.
Olav Martin Synnes
I tillegg var bøndene opptatte av å nytte ensileringsmiddel for å auke fôrverdien i graset. Mange nyttar seg av entreprenørar, og fleire opplever det som ei utfordring å få entreprenørane til å dosere høge nok mengder ensileringsmiddel per tonn gras.
Bøndene utfordra difor NLR om å tilby kurs for entreprenørane for å gi dei meir kunnskap og forståing av kva det betyr å bruke ensileringsmiddel i tilrådde mengder.
Kurset Friskare kyr gir glad bonde er eit pilotprosjekt i Tine-regi, der målsettinga er at deltakarane gjennom auka kunnskap skal betre driftsresultatet på sitt bruk.
Gjennom tolv samlingar og gruppearbeid, skal bøndene innom fôring, produksjonsøkonomi, kusignal, kalving, driftsleiing, kalv, kvigeoppdrett, grovfôrproduksjon, reproduksjon, jurhelse og klauvhelse.
Ny kunnskap skal vise att på botnlinja.