Mjuk liggebås: Sand, halm eller tilsvarande mjukt materiale i ein romsleg liggebås gir auka liggetid og meir mjølk. – Kyrne skal ligge i båsen, ikkje stå og henge meir enn eitt minutt før ho legg seg, seier Driessen. Illustrasjonsfoto.

Me må berre lære oss å sjå kva ho seier oss – med kroppsspråket sitt. Sjå, tenke – og så handle.

Liv Kristin Sola

– Sei meg ti ting som denne kua viser oss, seier Joep Driessen til kursdeltakarane som er samla i auditoriet på Øksnevad vgs på Klepp, tysdag i førre veke. Det er tredje samling og nederlandske Joep Driessen, grunnleggaren av KuSignalutdanninga underviser. Dei planlagde besetningsbesøka måtte avlysast på grunn av situasjonen med vinterdysenteri.  Ei svart og kvit ku ser på bøndene frå lerretet. Bøndene i salen diskuterer og kjem med forslag.

– Ho er svolten, har ein kul på ryggen, haltar på venstre bakfot, tørr og matt pels, heng med hovudet og øyrene, halen ligg tett inntil kroppen, er blant forslaga.

– Bra. Ho ber deg om hjelp, konkluderer Driessen.

Det er dette KuSignal handlar om. Kva ser du? Kva er årsaka til det du ser? Kva kan du gjere med det? Målet er å oppnå betre dyrevelferd, meir haldbare kyr, og betre økonomi i drifta.

Den viktige liggebåsen

Dei største utfordringane i moderne fjøs er halte kyr, hasesår og dårleg vomfylling. Halte kyr er den største utfordinga i lausdriftsfjøs verda over. Bein- og klauvlidingar er smertefult. Ei ku som er dårleg til beins, går sjeldnare til fôrbrettet og ligg lenger når ho først har lagt seg. Ho fungerer dårleg i flokken og har redusert yting.
Det kan vere mange årsakar til at ei ku haltar. Driessen meiner liggebåsen må ta noko av skulda.

– Ikkje ta til takke med det nest beste. Prioriter pengar i ein mjuk og romsleg liggebås, og kua vil betale deg attende kvar einaste dag etterpå, seier han.

Han føreslår å bygge opp bakkanten i liggebåsane og fylle dei med sand eller kutta halm.

– Alt er mogleg om du berre vil, er den klare talen frå den erfarne veterinæren.

Driessen tek føre seg dei grunnleggande prinsippa for god drift, luft, vatn, lys, kvile, fôr og plass. Han tilrår å prioritere liggebåsane, ein eteplass per ku og ro rundt og etter kalving.

– Berre éin prosent av bøndene har dette på plass. Det viser seg at det er dei bøndene som har dei beste resultata, seier Driessen.

Kua har ein travel kvardag. Ho skal ete, mjølke eller kvile og tygge drøv, og har ikkje tid til overs til å stå og henge.

 

KuSignal-diamanten: Seks grunnleggande faktorar må vere til stades for at kua skal ha ein god kvardag. Nok lys, frisk luft og reint vatn er dei enklaste og rimelegaste faktorane. Fôr, plass og kvile krev meir tilpassing.

 

Ro rundt kalving

Ro før, rundt og etter kalving er viktig for å gi kalv og ku ein god start. Prinsippet er at kua skal slikke kalven og få i seg mat og vatn, medan bonden kan få ro til å mjølke råmjølk til kalven. For kalven er det tre ting som gjeld: råmjølk, råmjølk og råmjølk.

– Vær nøye med reinhald og desinfiser bøtter og flasker. Skittent utstyr øydelegg råmjølka, åtvarar Driessen.

Velferd betaler seg

I atten år har han reist verda rundt for å lære bønder om KuSignal. Bodskapen om endring har vore krevjande å selje, men lang erfaring har berre gjort veterinæren enda sikrare.

– Å investere i god dyrevelferd vil betale seg i det lange løp.

Han viser til Nederland kor gjennomsnittet er på 3,5 laktasjonar. Dei aller beste har besetningar som klarer fem laktasjonar i snitt. Svaret er mellom anna meir luft, betre liggebåsar, eteplass til alle, ro rundt kalving og tett oppfølging av ku og kalv etter kalving.

– Det er ikkje så vanskeleg, folkens, seier Driessen.

 

KuSignal

Målet med KuSignal er å førebygge sjukdom og problem i fjøset, og auke levetida til kua.

– Får kua det betre har bonden det betre. Det er bra for økonomien og for klima, summerer Driessen.

Som praktiserande veterinær, opplevde han dagleg problem som kunne vore unngått, ofte med små tilpassingar. Veterinæren vart frustrert. Han og kollega Jan Hulsen, sette seg som mål å førebygge heller enn å reparere, og starta firmaet Vetvice.
Driessen og Hulsen omsette forsking til praktiske råd. Samstundes merka dei seg kva som skilde dei aller beste frå resten. Det vart ein vekkjar. Veterinærane bestemde seg for å sette erfaring og kunnskap i system. Det vart starten på KuSignal.
I dag omfattar KuSignal-serien tolv ulike tema og blir undervist i sytti land. Dei har 500 utdanna trenarar. Målet er å nå heile verda – gjerne gjennom nettbasert videoundervisning. Det omfattar 100 millionar mjølkebruk og 260 millionar mjølkekyr, ifølgje Driessen.

Norge tidleg i gang

Joep Driessen introduserte KuSignal i Norge første gong i 2006. Me var det tredje landet i verda som tok i bruk metoden som eit verktøy for å vurdere fjøs og drift, gjennom kua sine auge. Felleskjøpets Aasne Aasland og Bengt Egil Elve var pådrivarane. Elve, no tilsett i Nortura, var den første kvalifiserte Ku-Signal-trenaren her til lands. I dag har også Tine ei rekke KuSignal-trenarar og byggrådgivarar som er kursa hjå VetVice.

Frir til norske bønder: Det er ikkje berre kyr som har kroppsspråk. Den nederlandske veterinæren Joep Driessen formidlar med heile seg.

 

Kurset Friskare kyr gir glad bonde er eit pilotprosjekt i Tine-regi, der målsettinga er at deltakerane gjennom auka kunnskap skal betre driftsresultatet på sitt bruk. Gjennom tolv samlingar og gruppearbeid, skal bøndene innom fôring, produksjonsøkonomi, kusignal, kalving, driftsleiing, kalv, kvigeoppdrett, grovfôrproduksjon, reproduksjon, jurhelse og klauvhelse. Ny kunnskap skal vise att på botnlinja.

Stikkord denne saka: , , , ,