Reduser stress og press: Vær spesielt varsam dersom du må skjere klauver i vekene før kalving. Roleg handtering av kua og løft berre eit bein om gongen i klauvboksen, er rådet frå danske forskarar. Illustrasjonsfoto.
Å skjere klauver på kyr dei siste vekene før kalving aukar risikoen for kasting.
Liv Kristin Sola
Friske klauver er viktig for god velferd og haldbare kyr. Likevel åtvarar no danske forskarar mot å skjere klauvene på kyr tett opp mot kalving. Åtvaringane kjem etter at forskarar ved Aarhus og København universitet har studert samanhengen mellom tidspunk for klauvskjering og førekomst av kasting. Tala har dei henta frå den danske Kvægdatabasen.
Omfattande undersøking
Undersøkinga viste at 1,24 prosent av alle kalvingar enda med kasting i siste tredjedel av drektigheita. Kyr med tvillingfostre hadde høgare risiko for å kaste samanlikna med kyr med eitt foster. Jerseykyr hadde ein markant lågare risiko for kasting samanlikna med andre rasar.
Om lag tretti prosent av alle kyrne i utvalet var klauvskore dei siste åtte vekene før kalving eller kasting. Kyr som var skorne dei siste fire vekene før kalving hadde 2,4 gonger større risiko for å kaste samanlikna med kyr som var skorne meir enn åtte veker før kalving.
Tala omfattar registreringar på i underkant av 1,5 millionar drektige kyr i perioden frå 2012 til 2018. Kyrne var klauvskorne minst éin gong i løpet av drektigheita og det vart registrert om kua kasta, eller kalva ein levande eller dødfødt kalv.
Eit bein av gongen
Seniorforskar Peter T. Thomsen ved Aarhus universitet understrekar overfor det danske magasinet Kvæg, at klauvskjering generelt er viktig for å førebygge klauvlidingar, gi god gange og betre klauvhelsa. Forskaren minner om at situasjonen rundt klauvskjering er stressande i seg sjølv for kua. I tillegg kan stroppane som held kua oppe i boksen gi trykk på indre organ, inkludert børa. Derfor meiner forskarane det er grunn til å vere ekstra forsiktig med klauvskjering i vekene før kalving.
Det kan likevel vere situasjonar kor det er naudsynt at kyr blir klauvskorne tett opp mot kalving. Thomsen understrekar at det då er ekstra viktig med skånsam handtering, og at berre eit bein vert løfta om gongen for å avgrense det fysiske presset mot børen.
Kjelde: Magasinet Kvæg/Aarhus Universitet