Napping: Hengande hale er eit teikn på napping.

Grisen, og omdømet til eigaren og svineproduksjonen lir når halebiting oppstår. Løysinga er å gi grisen eit liv utan frustrasjon.

Hilde Elin Østerhus
rådgjevar gris, Nortura

Denne artikkelen omhandlar årsakssamanhengar og førebyggjande grep, og gir praktiske råd om naudsynte og effektive tiltak mot halebiting. For å kunne gjere noko med halebiting i ei besetning, er det tre punkt ein ikkje kjem utanom:

  1. Ein må forstå åtferda til grisen, og akseptere grisen sin natur.
  2. Ein må skaffe seg oversikt over faktorar som påverkar grisen si åtferd og kvardag.
  3. Ein må finne dei grunnleggjande årsakene til halebiting ved å:
    a) observere åtferda, og
    b) ta ei systematisk gjennomgang av drifta og levekåra i grishuset.

Å vere gris

Grisen kjem til verda med klare mål i sikte: å undersøkje verda, ete litt av den og sove. Grisens undersøkjer verda grundig med snuten. Den snusar, bit og rotar i alt den kjem over. Noko av denne undersøkinga er målretta åtferd for å finne mat, resten er rein forvitenskap. Ein vaken gris vil anten ete, drikke- eller jobbe med snuten som einaste verktøy. I tillegg er grisen eit sosialt flokkdyr. Dei vil ete ilag, pisse ilag, leike ilag og sove ilag. Når resten av flokken vil gå til ro, tyder det at sistemann på rangstigen, som i mange tilfelle ikkje er ferdig å ete, drikke eller leike- også må legge seg. Den minste grisen legg seg utan å vere tilfreds. Ein utilfreds gris vil ha vanskeleg for å falle til ro, og uroar dei andre i gruppa. Ei gruppe griser som ikkje får kvile tilstrekkeleg, vil bli gretne og stressa,- og vere utsett for halebiting av den grunn.

Ulike behov

Den vesle grisen som sjeldan når fram til maten eller vatnet før dei andre er ferdige, kan bruke halebiting som metode til å tilfredstille leikebehovet. Som maktmetode, for å rykke fram til maten eller vatnet, eller den tek halen i rein desperasjon etter mat. Dette skjer typisk i bingar der grisen er ujamn i storleik, eller der kastratar og purker går ilag.
Purker og kastratar er svært ulike i åtferd og behov. I eit grishus med våtfôringsanlegg der purker og kastratar er sortert etter kjøn, kan ein tydeleg sjå skilnaden på åtferda deira. Ved nedslepping av fôr, kan ein sjå at kastratane slukar fôrrasjonen på kort tid. På purkesida derimot, går det lenger tid før dei har ete opp. Purkene tek nokre munnar mat, ser litt opp, et litt til og går så ein tur. Dermed vil purker som må leve ilag med kastratar ofte ikkje får tilstrekkeleg mat i seg og vil henge etter både vekst- og trivselsmessig. I tillegg opptrer kastratane meir valdsamt, dei rir og herjar, og vil såleis stesse purkene også på den måten. Forsking viser at det oppstår meir halebiting i bingar med kjønnsblanda gris. Purker er identifisert som dei værste halebitarane.

Smertefullt: Her er det stor fare for kassasjon, og omdømmemessing svært vanskeleg å forsvare.

Oppdag unormal åtferd i tide

Griser vil normalt vere interesserte i alt nytt, og oppsøkjer folk straks dei kjem inn i bingen. Overfall og aggressiv åtferd mot menneske er derimot ikkje normalt.
Dersom grisene vert jaga opp/ vekka, skal dei normalt falle til ro att 10-15 min seinare, med mindre det er fôringstid. Ein gris som har vanskeleg for å roe seg, skal ein vere ekstra merksam på. Generelt høg aktivitet og høgt støynivå, er symptom på at noko er galt. Grisene vil normalt gjere alt samstundes.
Går enkeltdyr kvilelause rundt i bingen medan resten kviler, kan det vera teikn på at noko er galt. Det er unormalt at grisen bit, nippar eller suttar på kvarandre, det er heller ikkje normalt å puffe andre griser under magen. Frustrerte griser vil slutte å undersøkje inventaret i bingen, og byrje å puffe og gnuffe på sambuarane sine. Griser vil normalt ikkje slåss når dei et eller drikk. Er det konstant gryling og skriking ved fôrtroa/fôringsautomaten eller drikkenippelen, er det for lite tilgang til mat og vatn. Grisen skal under normal trivsel liggje i delvis bukleie, når den kviler. Anna er unormalt og bør takast omsyn til.

Tre typar halebiting

All halebiting er unormal åtferd, og eit synleg teikn på at grisen er utsett for stress. Med stress meiner me at miljøet elles ikkje tilfredsstiller grisen sitt behov, og grisen vert frustrert.

  1. To-trinns halebiting: Denne syner seg med napping og tygging på halar, den opptrer langsamt og vedvarande, ofte har alle grisene i bingen togne halar. Grisen leiter etter mat.
  2. Brå og valdeleg halebiting: Skjer brått, grisen er aggressiv. Den startar ofte med ein gris, åtferda smittar og brått er alle halane tekne. Her er det konkurranse om ettertrakta ressursar i bingen, til dømes vatn og fôr.
  3. Manisk halebiting: Den klassiske besette halebitaren som bit halar uansett kor den går og kven den går ilag med.

Akutt utbrot – raske tiltak

  1. Lokaliser eventuell manisk halebitar. Fjern/isoler denne grisen.
  2. Set skadde dyr i sjukebinge, spray halen/såret med blanding av jod og sprit.
  3. Vurder om dei treng veterinærbehandling, tilkall dyrlegen.
  4. Set inn tiltak i bingen.
  5. Ha tett oppfølging av aktuell binge og dyr i sjukebingen minst to gonger dagleg.
  6. Start jakta etter årsak til halebitinga.

Å jakte på årsaka

Gå systematisk til verks, og sjå på levekåra til grisen. Ofte kan det vere fleire årsaker til at frustrasjonen oppstår. Be eventuelt rådgjevaren din om hjelp til å gjere denne kartlegginga.
Her er ei punktliste over spørsmåla du kan stille deg:

  • Sjekk liggemønster?
  • Er det varmestress/trekk?
  • Er det store variasjonar i temperatur gjennom døgnet?
  • Er det dårleg luftkvalitet?
  • Er det trongt i bingane?
  • Manglande eller skitne leiker?
  • Er det tilstrekkeleg mengde og variasjon i rotemateriale?
  • Får alle ete samstundes i langtroa?
  • Renn maten ut til begge endar av troa?
  • Er det vanskeleg å få ut fôr i appetittfôringstroa?
  • Er det lik avføring i heile huset?
  • Kva pH har våtfôret? Sjekk i tank og nedløp
  • Er det størkna fôr på innsida av fôrnedløpsrøyret?
  • Får grisen straum i seg når den drikk?
  • Er det statisk elektrisitet i bingen?
  • Er det konstant kø og trengsel ved drikkenippelen?
  • Er det nok vatn i nippelen?

Strategisk innsett gir mindre halebiting

Sorter grisen etter kjønn og storleik. Ha stor gris i dei kaldaste bingane, og liten gris i dei lunaste bingane. (Sjå utvida versjon av denne artikkelen på Nortura sine nettsider.) Dette gir store fordelar med tanke på utslakting og fôrforbruk, men viktigast er, at lik gris leikar best saman, og jamne grupper med gris vil opptre meir harmonisk i grishuset. Halebiting opptrer sjeldnare når det ikkje fins ein ”minstemann” som ofte kan utvikle seg til å bli ein halebitar.
I tillegg tilrår me å sjekka vasstrykket på niplane, byta ut dårleg fungerande niplar, vaska fôringsrøyret for matrestar, og å strø på Kvikk-fôr som velkomst til dei små som kjem inn. Handter grisen så roleg som mogleg, då vert den mindre stressa og redd. Til gjengjeld får du ein gris som kjenner seg trygg, trivst og veks.
Før innsettet er det også greitt å sjekke lagerhaldninga av strø og grovfôr, og sjå etter om fyrstehjelps-arsenalet er fullt og klar til nytt innsett. Sag ned og gjer klar bjørkepinnar på vinteren, slik at sommarinnsetta får tilgang til dette, før våronna tek all tid.
Rotemateriale, strø og grovfôr Ved tildeling av strø/rotemateriale, tilrår me at de strør med variert materiale. Grisen treng ei interessant blanding av ulik smak, konsistens, lukt og lengde, kvar dag. Bland gjerne grovfôr (høy, halm eller silo) ilag med rotemateriale (rapsstrø, treflis eller spon) før tildeling. Halm er vanskelegare for grisen å fordøye. Den har negativ fôrverdi, grisen må bruke av energien frå kraftfôret til å fordøye halmen. I tillegg er den mindre smakfull enn høy og silo.

Oppsummering

Det er avgjerande for grisens trivsel og velferd, at den får leve i eit miljø der den får tilfredstilt behova sine. Harmonisk gris gir ein harmonisk arbeidsdag.

På Nortura Medlem sine nettsider finn du ein utvida versjon av denne artikkelen i fagbiblioteket. Sorteringsstrategi, liggemønster med meir er detaljert omtalt der.

Stikkord denne saka: ,