Planlegg gjødslinga ut frå forventa avlingsnivå på dei ulike skifta, og utnytt husdyrgjødsla som ein ressurs på garden.

Planlegg gjødslinga ut frå forventa avlingsnivå på dei ulike skifta, og utnytt husdyrgjødsla som ein ressurs på garden.

Analysar av jord og fôr er hjelpemiddel for å planlegga ønska avlingsnivå og grovfôrkvalitet på garden.

 

Liv Kristin Sola
– Gjødselplanen er eit nyttig verktøy for å planlegga avling og avlingskvalitet på garden, og ikkje berre eit krav frå myndighetene, sa Ingvild Luteberget Nesheim frå NLR Rogaland, til bøndene på fagmøtet: «Rett grovfôrstrategi på eigen gard», på Særheim på Jæren.

Forventa avlingsnivå

Tidspunkt for gjødsling og slått, avheng av kva fôret skal nyttast til, om det er gjeldkyr, kyr i produksjon eller anna. Avlingsnivå avheng av jordtype, innhald av næring i jorda, og kalktilstand i jorda. Geografisk plassering, arrondering og klima er også med og avgjer kva som er realistisk avlingsnivå.
– Før ein lagar gjødslingsplan, er det nyttig å vurdera kvaliteten på engarealet. Alder, botanisk samansetting, mengde ugras, kjøre- og pakkeskadar og kor godt jorda er drenert. Dette er faktorar som spelar inn på avlingsnivået, og dermed også krav til gjødsel, sa Luteberget Nesheim.
Ho minna om at brutto avling er det som vert gjødsla på enga, medan netto avling er det fôret som vert nytta av dyra, altså brutto avling minus tap ved hausting, tap ved uttak av silo, og tap ved fôrbrettet.

Vurdering av fôrlager

Rådgivaren skisserte korleis ein kan vurdera avlingsmengd ved å vurdera fôrlageret. Ho understreka at uavhengig av ensileringsmetode, vil mengde fôr per m3 variera med ts % og pakkingsgrad.
Plansilo: I ein plansilo med 30 % tørrstoff, er det vanleg å rekna 600-650 kg fôr per m3 (lengde x breidde x høgde).
Tårnsilo: Kg fôr per m3 varierer med kor djupt ned i siloen ein målar. I botn kan ein rekna 800 kg/m3, Lenger oppe, rundt 600 kg fôr per m3. Med desse vurderingane saman med ts % eller fôranalyse, kan ein vurdera om lag kor mykje fôr ein har på lager, i kg ts og i FEm.

Mengde fôr i rundballar

I utgangspunktet er det lettare å vurdera avlingsmengd i rundballar. Luteberget Nesheim understreka at her er store variasjonar frå parti til parti, og problematiserte måten rundballefôret vert vurdert.
– 5 rundballar per dekar seier ingenting, om du ikkje kjenner vekta på rundballen og tørrstoffprosenten i graset, understreka ho, og kom med eit døme.

Ein rundballe på 700 kg med 20 % ts, inneheld totalt 140 kg ts, resten er vatn. Ein rundballe på 700 kg med 35 % ts, inneheld 245 kg ts, ei auke på 105 kg ts på tilsvarande vekt. Med eit energiinnhald på 0,9 FEm, vil rundballen på 700 kg med 20 % ts innehalda 126 FEm. Med 35 % ts inneheld rundballen 221 FEm, ein auke på 95 FEm.

Optimalt med 30 % ts

Auka tørking på jordet før hausting, aukar risiko for tap av energirike plantedelar. Kor lenge graset ligg før ein oppnår ønska tørrstoffprosent har stor betydning for kvaliteten på fôret.
– På grunn av andingstapet, vil gras som er tørka til 38 % ts på 1 dag, vera eit betre fôr enn om det går 3 dagar å tørke graset til same ts %, sa Luteberget Nesheim.
Forsøk tyder på at rundt 30 % ts er det mest optimale med tanke på å få best grovfôrkvalitet og minst tap før lagring. Då er det heller ikkje tap til pressaft.
– Med plansilo eller tårnsilo er det ingen gode grunnar til å tørka graset meir enn til 35 % ts. Det er ei meir interessant vurdering når ein pressar i rundballar, og får meir fôr per rundballe.

Kvalitetsutvikling i eng

Tidspunkt for 1. slått kan i stor grad vurderast ut frå utviklingstrinn på graset, i tillegg til tal døgngrader og prognosar.
– Ønskjer du å oppnå ein fôreiningskonsentrasjon på 0,90, må du slå ved begynnande skyting, når 10 % av akset er synleg i strået. Når graset har skote er energikonsentrasjon rundt 0,80 FEm, kommenterte Luteberget Nesheim, og vurderte det som for svakt til produksjonsfôr, men for godt som gjeldkufôr.
Mellom 1. og 2. slått er veksten meir ujamn og utviklingstrinn på graset er vanskelegare å vurdera med tanke på rett tidspunkt for 2. slåtten. Rådgivaren tilrådde å nytta tal på døgngrader og prognosar for å slå til rett tid for å oppnår ønska kvalitet på 2. slåtten. Om ein slår ved begynnande skyting på alle slåttar, står timoteien i fare for å gå ut. Rådgivaren viste til forsøk frå Bioforsk som tyder på at lang tidsavstand mellom 1. og 2. slått er den viktigaste faktoren for å bevara timoteien i enga. Slå timotei ved begynnande skyting på 1. slått og sikra ei god avling, Tidleg 1.slått vil trigga planten til å koma raskare i skot til neste slått.
– Er målet å oppnå 0,95 FEm på alle slåttane, må du gløyme timotei. Timotei gir gode avlingar og kan gi lang varighet på enga, men gir lågare kvalitet enn raigras, summerte Luteberget Nesheim.

Gjødselplan (skifteplan)

Norsk landbruksrådgiving nyttar skifteplan som sitt gjødslingsplanleggingsprogram. Standard gjennomsnittsavlinga på ei eng med 3 slåttar i skifteplan, er 1.000 kg ts. Standard gjødselmengde for 1.000 kg ts er 28 kg N, 3-3,5 kg P, og 18 kg K, korrigert for jordprøvar og verdiane for P-AL, jordtype og innhald av kalium, og moldinnhald.
– I realiteten er variasjonane store. Det optimale er å diskutera reelt avlingsnivå i lag bonden, før me set opp gjødslingsplan. Då får me ei meir rett gjødsling og best mogleg effekt, sa rådgivaren.
Gjødslingsplanen bør justerast opp eller ned etter forventa avlingsmengd. Vurder det store biletet. Auk gjødselmengde til nyare eng som har høgare avlingspotensial, og reduser mengde til eldre eng der ein må forventa lågare avling per dekar. Rådgivaren åtvara mot å gira opp gjødslinga på områder som ser litt dårlige ut. Sterk gjødsling på areal som ikkje har godt avlingspotensial, kan gi auka innhald av nitrat i fôret og auka fare for nitratforgifting.

N-tilførsel og fôrkvalitet

Som fôrmiddel er det ønskeleg med mykje protein i grovfôret. Sterk nitrogengjødsling aukar innhald av protein, men rådgivaren understreka at auka proteininnhald ut over 160 g/kg ts (16 %), gjer det utfordrande å oppnå god gjæringskvalitet.
– Protein fungerer som ein buffer og aukar risiko for smørsyregjæring i fôret. Effekten av syra som raskt skal seinka pH i massen, vert hindra av høg proteinprosent, sa rådgivaren, og la til at gras med mykje struktur, lågt proteininnhald, som er tørt og fint, er lettare å ensilera og oppnå god gjæringskvalitet.
– Ved sterk gjødsling, tidleg slått, mykje bladmasse og mykje kløver i enga er det viktig å bruka nok ensileringsmiddel for å unngå feilgjæring, understreka Luteberget Nesheim.

Etterverknad av vårgjødsling

Det er vanskeleg å vurdera kva effekt gjødslinga om våren har utover i sesongen. Det varierer med temperatur, mengde som er kjørt ut, fosforinnhald i jorda, osv. Erfaringar viser likevel at rundt 5 tonn husdyrgjødsel om våren, er positivt for nitrogentilførsel gjennom sesongen.
Lågare temperatur om våren gir meir effektivt opptak av nitrogen, enn under høgare temperatur om sommaren, som aukar tap av nitrogen til luft. Sein etterverknad av nitrogen om hausten, kan ha negativ effekt på overvintring.
– Kva som skjer med kalium er meir usikkert. I teorien skal kalium tilførast jamt i sesongen, for å unngå mangel om hausten. Men i praksis viser analysar av 3. slått eit høgt innhald av kalium, sjølv om det berre er tilført kalium via husdyrgjødsel om våren. Her trengs det fleire forsøk, sa Luteberget Nesheim.

Balanse mellom mineralene

For lite kalsium i blodet kan gi mjølkefeber i samband med kalving. Etter kalving mobiliserer kua kalsium frå skjelettet til mjølkeproduksjon. DCAD er balansen mellom kationer og anioner i fôrrasjonen. Summen av dei positive ionene, natrium (Na+) og kalium (K+), vert balansert mot dei negative ionene, klor (Cl-) og svovel (S2-). Mange positive ioner i grovfôret, hemmar kua si evne til å mobilisera kalsium frå skjelettet.
– Det skal vera kalium i mjølkefôr, men mykje kalium hemmar opptak av magnesium og kalsium, understreka Nesheim.
I eit balansert grovfôr til mjølkekyr er overvekt av dei positive ionene, helst +200 til +350 mEq/kg ts. Innhaldet står oppgitt på fôranalysen.

Gjeldkufôr

Fôr som er tenkt som gjeldkufôr må optimerast på ein annan måte enn fôr som skal nyttast til kyr i produksjon. I gjeldkufôr bør DCAD vera ned mot null, altså balanse mellom dei positive og negative ionene.
– Ikkje lett å få til, men prøv å redusere så mykje som råd, sa rådgivaren.
Halm er fattig på kalium har god DCAD-balanse, men kan vera vanskeleg å få tak i. Luteberget Nesheim rådde mjølkeprodusentar med eiga gjeldkuavdeling, om å vurdera produksjon av eige fôr til gjeldkyr. Eit alternativ kan vera sein slått timotei på avgrensa areal. Ei slik eng vil gi godt gjeldkufôr og god avling i mange år.
– Gjødsling med klor har gitt gode resultat, og effekten aukar om ein samstundes klarer å redusera mengda kalium i gjødsla. Uttynning av husdyrgjødsla reduserer kaliuminnhaldet, eventuelt er gjødsel frå gris eller høns ei god erstatning for storfegjødsel, sa Luteberget Nesheim.
Sein slått gir lite protein. Gjeldkyr treng ei viss mengd protein for å produsera nok råmjølk av god kvalitet. Luteberget Nesheim tilrådde å gjødsla med nitrogen 4-5 veker før slått, og prøva å oppnå grovfôr med 120 gram protein gjeldkyr. Då er balansen mellom kationar og anionar på eit akseptabelt nivå. For å dekka proteinbehovet til råmjølk av god kvalitet, bør ein tilsetta ei proteinråvare i rasjonen.

Vegsalt

Vegsalt kan vera eit godt alternativ som klorgjødsel, men er ikkje grundig nok testa ut i praktisk samanheng. Jens Randby frå FKRA, kommenterte at vegsalt per i dag ikkje er godkjent som eit gjødselprodukt.
– Det er i sal, som vegsalt, og det er ingen problematikk knytt til bruk av vegsalt i gjødslingssamanheng. Men det kan vera nokre praktiske utfordringar med bruken. Får me sterke signal om godkjenning, vil FKRA gjera dei formelle tiltaka, lova Randby.

Stikkord denne saka: , ,