Sortimentet i engfrøblandingane er betre enn nokon gong, Men det hjelper ikkje med gode frøblandingnar dersom andre element i engdyrkinga sviktar.
Geir Paulsen
Avdelingssjef såvarer, Felleskjøpet Rogaland Agder
Dei tradisjonelle timotei/engsvingelblandingane for varig eng har ikkje endra seg så mykje dei siste åra. Men nå ser vi at nye sortar er på veg, blant anna er den nye timoteisorten Liljeroser under oppformeiring. På same vis kjem engsvingelsorten Vestar og rødkløversorten Gandalf snart på marknaden. Alle desse er sortar utvikla i Norge og tilpassa våre forhold.
Raigras
Når det gjeld raigras har den norske sorten Figgjo segla opp som ein hovudsort. Figgjo har stått veldig bra i avlingsforsøka, særleg på Vestlandet. FKRA har difor starta frødyrking av denne sorten, og tatt den inn i SPIREblandingane. SPIRE Surfôr Pluss 90 har vi i tillegg til Figgjo og dei velprøvde kvalitetsortane Dunluce og Barpasto, også tatt inn den nye danske toppsorten Ovambo. Vi har også valgt å ta inn litt diploid raigras av sorten Abosan i Pluss 90. Diploid raigras gjev ei tettare grasmatte enn tetraploid, og blandinga blir dermed meir robust mot køyreskader. I tillegg vil blandinga vera aktuell ikkje berre som ei kvalitetsblanding for tre-fire slåttar, men også for dei som kombinerer slått og beiting.
Til direktesåing er SurfôrPluss 100 førstevalget. Dette er den desidert mest populære av raigrasblandingane. Her har vi også ein vesentleg andel av Figgjo. I tillegg er hybridraigras Storm med, noko som gjev rask vekst i såingsåret. Også i Pluss 100 er det med ein mindre andel Ovambo. Som vi ser så skjer det ei kontinuerlig utvikling av nye grassortar. Desse supplerer dei gode etablerte sortane, og gir godt grunnlag for høge grovfôravlingar av topp kvalitet. Men skal dei gode sortane kom til sin rett, må alle ledda i engdyrkinga vera på plass. Det hjelper til dømes ikkje om sortane er aldri så gode, dersom jorda har ein pH på 5,0!
Direktesåing
Etter kvart som enga blir eldre vil kulturgraset gå ut og villgras, kveke og anna ugras kjem inn som erstatning. Dermed går avlingsnivået ned og enga må fornyast.Ingenting kan erstatte plogen ved fornying av eng. Tradisjonelt gjenlegg er likevel dyrt og arbeidskrevjande, og for å halda oppe avling og kvalitet etter kvart som enga blir eldre, har mange prøvd seg med ein eller annan form for direktesåing. Direktesåing vil alltid vera meir usikkert enn eit normalt gjenlegg og kan enda med både suksess og fiasko.
Viktige faktorar for å lukkast med direktesåing er:
- At frøet kjem i kontakt med jorda
- Nok fuktighet i jorda
- Nok lys til dei nye småplantene
- Bruk raigras eller raigrasblanding
Vêrforholda avgjerande
Både forsøk og erfaringar viser at forholda under og etter såinga er svært viktige, ofte viktigare enn utstyret som blir brukt. I utlandet er oversåing/breispreiing av frøet, t.d. med kunstgjødselspreiar mykje brukt. Dette er den billigaste og enklaste måten, men også den mest usikre. Erfaringane tilseier at ei eller anna form for labb/skål /skjer, som lagar eit spor med bar jord som frøet kan spira i, gir best resultat. I gammal eng med tett grassvor er det vanskeleg å få etablert nytt gras utan brakking med glyfosat eller ei form for jordarbeiding.
Best tidleg om våren?
I vårt distrikt har vi hatt mest vellukka resultat etter såing så tidleg som råd om våren. På den tida er det oftast nok fuktighet, og jorda er såpass mjuk at det ofte er råd å laga ei stripe med jord sjølv med ein vanleg såmaskin, slik at frøet kjem i kontakt med jord. I utlandet har ein også hatt gode erfaringar med såing etter slått i august/september. På denne tida er grasveksten mindre, og konkurransen frå eksisterande gras er ikkje så stor.
Sprøyting når forholda er vanskelege
I Norge har vi hatt gode erfaringar med direktesåing etter sprøyting med glyfosat, for eksempel når graset har vakse opp etter andre slått. Avpussing av det visne graset er då naudsynt, såing enten direkte i svoren eller eventuelt i kombinasjon med skålharv, vanleg harv eller rotorharv. I forsøk på Finnøy blei det våtsådd med Spire +10 på denne måten, og resultatet var veldig bra.
Eittårig/toårig raigras til direktesåing
Eittårig og toårig raigras er endå meir konkurransedyktig ved direktesåing enn fleirårig, for eksempel har 50/50 eittårig/toårig gitt godt resultat. Men også her viser det seg at etableringa går seinare enn i eit tradisjonelt såbed, og resultatet av såinga gjer seg kanskje ikkje gjeldande før på tredje slåtten. Men ved milde vintrar der toårig raigras overvintrar, vil dette få ein tidleg start våren etter, og ofte dominere enga. Dersom dette blir gjentatt nokre år etter kvarandre, vil ein kunne oppnå at ein stor del av den gamle enga, kveke og ugras er borte, og enga blir opnare med mykje bar jord, og er godt eigna for direktesåing. I slike tilfelle vil det også vera aktuelt å prøve med ei tradisjonell timoteiblanding. For direktesåing av timotei har vist seg å vera vanskelegare enn med raigras. Timotei konkurrerer dårlegare med det etablerte graset. FKRA har nå eit prosjekt saman med NLR og NIBIO, der ein sår timotei direkte i ny eng. Her prøver ein såing både vår og haust, og samanliknar effekten av direktesåing med raigras og timotei.
Sådjupna viktig
Tradisjonelt gjenlegg er som sagt det tryggaste valet. Men heller ikkje dette er alltid like vellukka. Frå tid til annan ser ein at for eksempel plogen kan vera feil innstilt, og dette fører til at heile gjenlegget blir mislukka. Også sådjupna er det viktig å ta omsyn til. Det kan fort skje at frøet kjem for djupt og spirer dårleg. Alt på to centimeter vil ein redusere spireprosenten av timoteifrø kraftig, medan engsvingel spirer ned til tre til fire centimeter. Dermed kan til dømes ei blanding med 60 % timotei og 30 % engsvingel, ende opp med å bli 10 % timotei og 80 % engsvingel.
Stikkord denne saka: Grovfôr