Viktig for å lukkast: Tilsyn med beitet fleire gonger i veka – gjer endringar når det trengst. Nok beitetrykk i starten slik at graset ikkje blir for langt og går i stengel. Planlegg éin slått på alle skifta (5 cm stubbhøgd) for å halde kvaliteten på beitet.

Viktig for å lukkast: Tilsyn med beitet fleire gonger i veka – gjer endringar når det trengst. Nok beitetrykk i starten slik at graset ikkje blir for langt og går i stengel. Planlegg éin slått på alle skifta (5 cm stubbhøgd) for å halde kvaliteten på beitet. Her er flokken til Thomas Malmkjær, på Bjerregaard.

Beiting kan auke avlinga med 25 prosent

9. september 2024 | Fagartiklar

Med rotasjonsbeiting og nye skifte kvar dag, kan du oppnå høgt fôropptak frå beitet og samstundes auke avlinga opp mot 25 prosent.
– Målet er å utnytte beitet utan at det går ut over mjølkeytinga, seier danske Hans Lund.

Liv Kristin Sola

​Når sommaren kjem, er det lettvint å opne døra og sleppe dyra ut. Dei første dagane kjem kyrne mette heim, men etter kvart vert beitet trakka ned og slitt, og endrar status frå beite til lufteområde. Tapt gjenvekst og redusert fôropptak på beite blir erstatta med fôr på fôrbrettet.

Slik treng det ikkje vere.

Tre kilo tørrstoff i timen

Den erfarne danske beiterådgivaren Hans Lund, seier det er fullt mogleg å lukkast med eit høgt fôropptak på beite.

– Vi har sett at på godt beite, kan kua ta opp tre kilo tørrstoff i timen, seier han.

Rådgivaren viser til ei robotbesetning kor kyrne beita seks timar i døgnet (morgon/føremiddag) og hadde eit fôropptak på 18 kilo tørrstoff per ku per dag frå beitet.

– Det kan la seg gjere, men generelt ser vi at sju til åtte timar på beite og eit fôropptak opp mot 10-12 kilo tørrstoff per ku per dag, er realistisk, seier Lund.

Beiterefleksjonar:

Beitesesongen 2024 er snart historie. Difor er det nettopp no, med årets sesong friskt i minne, at det er lurt å tenke kva du kan gjere betre neste år. Kanskje tenke heilt nytt?

I slutten av juni var Bondevennen i Danmark og besøkte blant andre Thomas Malmkjær (les artikkelen her). Ein økologisk mjølkeprodusent som har 380 jerseykyr på beite frå april til oktober. Nytt skifte kvar dag i eit rotasjonssystem. Les reportasje side 10.

Me besøkte òg Malmkjær sin rådgivar, Hans Lund. Han har over 40 års erfaring som storferådgivar med økologi og beite som spesialitet. Lund er for tida tilsett i ØkologiRådgiving Danmark, og jobbar blant anna med konseptet Eliteafgræsning.

Hans Lund
Hans Lund
ØkologiRådgivning Danmark

Sparte kostnadar

Lund er ikkje i tvil. God beitedrift kan redusere grovfôrkostnadane inntil 60 prosent.

– Det billigaste fôret er det kua haustar sjølv. Det har ingen likviditet bunde til lagring, eller kostnadar med slått og ensilering, seier han.

Nøkkelen til å lukkast er nytt beite kvar dag, ikkje for hard avbeiting, og rotasjon slik at graset får kvile mellom kvar beiting. Skifta må tilpassast dyretalet, grasmengda og timar på beite.

– Òg du må vere tidleg i gang om våren, og ta minst éin slått på alle skifta, seier rådgivaren.

Meir fotosyntese – meir gras

Graset bør vere 10-12 cm når dyra kjem på, og beitast ned til 4-5 cm i løpet av dei timane dyra beitar.

– Vekstpunktet må vere intakt. Då utviklar graset sideskot og buskar seg. Det skjer meir fotosyntese og vi får meir avling. Og når det er tett med gras over jorda, blir det djupare røter og graset kan ta opp meir næring og blir mindre tørkeutsett, seier Lund.

– Er det for mykje gras og det står att åtte til ti cm etter avbeiting, vil graset gå i stengel og tapar næringsverdi, legg han til.

Lund tilrår å bruke platemåler for å måle høgde på graset. For å få erfaring, men og for å vurdere rekkefølge på skifta.

Strategien avgjer: Nytt skifte kvar dag og kvile mellom kvar avbeiting er viktig for eit høgt og stabilt utbytte på beitet. Irske forsøk har vist at med ein slik strategi kan du auke avlinga med 25 prosent. Figur: Hans Lund/Kvægkongressen 2024.

Strategien avgjer: Nytt skifte kvar dag og kvile mellom kvar avbeiting er viktig for eit høgt og stabilt utbytte på beitet. Irske forsøk har vist at med ein slik strategi kan du auke avlinga med 25 prosent. Figur: Hans Lund/Kvægkongressen 2024.

Minst éin slått

Kvar vår legg bonden og rådgivaren ein plan for beitesesongen. Basert på ein vekstkurve for venta utbytte i graset, vurderer dei kva skifte som skal beitast først og kva for skifte som skal ha ein slått før beiting.

– Tidleg i sesongen blir det ein del slått, men mindre utover sommaren når grasveksten avtar. Målet er å ta ein slått på alle skifta seinast medio august. Elles har du dårlege beite i slutten av sesongen, seier rådgivaren.

Ein plan er viktig, men den må justerast etter temperatur, nedbør og utvikling i graset.

– Veks graset meir enn venta, må du slå fleire skifte. Er det kaldt og vått og dårleg vekst, slik som i år, må vi fôre meir på fôrbrettet, seier Lund.

Den erfarne rådgivaren kan ikkje minnast ein så våt vår som i år, men òg Danmark blir våtare

– Middel nedbørsmengd har dei siste åra auka frå rundt 650 til over 800 mm i året, seier han.

Graset må kvile

Kor mange skifte du har i rotasjon, vil variere. Når veksten er på sitt beste, kan det vere nok med 12 dagar kviletid. Seinare i sesongen må graset få kvile minst 20 dagar. Det betyr at tal skifte må auke frå 12 til over 20 seinare i sesongen. Eventuelt at du må auke arealet per skiftet auke når veksten avtar.

– Det viktigaste er at kyrne får nytt beite kvar dag og at beitene får kvile før neste avbeiting, seier Lund.

Rådgivaren viser blant anna til forsøk i Irland, kor dei har målt ei avlingsauke på 25 prosent med denne beitestrategien.

– Vi ser det same i våre besetningar i konseptet Eliteafgræsning. For å oppnå stor avling er det spesielt viktig at graset får kvile lenge nok, seier Lund.

Sikre god gjenvekst: Figuren viser skilnaden i gjenvekst   i eng kor graset har 1, 2 eller 3 blader intakt etter avbeiting (4-5 cm stubbhøgd). Med 3 blad blir det meir  fotosyntese og veksten kjem raskt i gang når graset får kvile. Figur: Hans Lund/Kvægkongressen 2024.

Sikre god gjenvekst: Figuren viser skilnaden i gjenvekst i eng kor graset har 1, 2 eller 3 blader intakt etter avbeiting (4-5 cm stubbhøgd). Med 3 blad blir det meir fotosyntese og veksten kjem raskt i gang når graset får kvile. Figur: Hans Lund/Kvægkongressen 2024.

Kløver er motoren

Økologiske bønder må ha kyrne på beite. For konvensjonelle er det valfritt. Derfor er det først og fremst økologiske besetningar som nyttar strategien med skiftebeiting. Grasblandinga er ulike typar raigras og kløver, og gjerne litt timotei, som aukar fôropptaket. Men timotei går lett i stengel, og krev litt hyppigare rotasjon på skifta.

Det blir brukt husdyrgjødsel om våren, ingenting tillegg utover sesongen.

– Det er kløver som er drivstoff i grasmarka, konstaterer Lund.

Når enga må fornyast er det vanleg med vinterrug i attlegget. Vinterrug sådd i april kan beitast i slutten av mai.

– Det blir ei smakleg blanding som er klar tidleg i sesongen. Eit system vi òg har «eksportert» til Norge, seier Lund.

Balansert fôrrasjon

Kyrne må ut tidleg om våren, gjerne i starten av april. Då får dei ein lang tilvenningsperiode før veksten i graset «eksploderer». Tidleg i sesongen når graset er i god veks, er fôropptaket ute gjerne høgare enn optimalt.

– Utfordringa er å halde ein god balanse i den totale fôrrasjonen, spesielt med tanke på fiber, seier Lund.

Fôrrasjonen inne må tilpassa beitegraset, både i mengde og innhald.

«Nøkkelen til å lukkast er nytt beite kvar dag, ikkje for hard avbeiting, og rotasjon slik at graset får kvile mellom kvar beiting.»

Hans Lund

Kua sin døgnrytme

Kua er byttedyr og beitar helst i skumring, om kvelden fram mot midnatt, og tidleg morgon. Registreringar viser at fôropptaket er høgt tidleg morgon, men på dagen er kua i ro. Aktiviteten tek seg opp att i sju-åttetida om kvelden og aukar fram mot midnatt. Det er om kvelden kua er mest motivert til å ete.

– Dersom vi vil ha godt utbytte av beitet, skal vi tilpasse oss kua sin naturlege åtferd, seier Lund.

Mjølkinga på danske bruk startar gjerne i firetida om morgonen. Og med to gonger mjølking om dagen er det vanleg å sleppe kua på beite om dagen og fôre inne om natta. Men når temperaturen er 25 grader eller meir, gjer dei motsett.

Mjølkerobot og rotasjonsbeite

Det er mjølkestall som dominerer i danske fjøs, men mjølkeroboten er i frammarsj. Lund meiner rotasjonsbeiting er eit godt alternativ, òg i robotsystem.

Han viser til ein gard med 300 kyr og fire mjølkerobotar. Flokken blir delt i to, med 150 kyr på kvart beite.

Dyra får tilgang til beite klokka tre om morgonen. Rundt klokka sju åtte er fôrbrettet tomt og dei siste kyrne har kome seg ut. Dei kjem inn og mjølkar seg, men går ut igjen – fordi det ikkje er fôr på fôrbrettet. Klokka 14 får dei nytt fôr på fôrbrettet og kyrne blir slusa tilbake til fjøset etter mjølking. Fram til klokka tre neste morgon. Da er beitet tomt, og fôrbrettet fullt.

– Dette lærer kyrne raskt. Og det er svært få gonger dei må hente kyr, seier Lund.

Han minner om at kua er «lettvint» av natur og vel enklaste veg. Nettopp difor må ho ikkje få eit val om å gå ut eller å bli inne. Er det litt dårleg ver og rikeleg med fôr på fôrbrettet, gjer ho det til ein vane å bli inne.

– Derfor må graset ute freista meir enn fôrrestane inne, seier Lund.

Han understrekar at det ikkje er val av driftsopplegg som er avgjerande for å lukkast.

– Over 70 prosent av forskjellane i driftsresultat i husdyrhald kan forklarast med management. Uavhengig av rase og driftsopplegg.

Planlegging av beitesesongen 2024 hjå Thomas Malmkjær, Bjerregaard.

April Mai Juni Juli Aug. Sept. Okt.
Kg ts/Ha/dag 17 59 50 43 29 24 10
Kg. ts. gras/ku/dag* 2,4 8 7,7 5,8 5,1 4,2 1,8
Arealkrav: Ha. gras 24 24 27 27 35 35 35
Areal til rådighet 24 24 27 27 35 35 35
Min. areal ift. tilrådingar 17,5 17,5 17,5 20 20 20 20
Skifte størrelse, Ha 1,8 1,8 2,1 2,1 2,7 2,7 2,7
Kviletid, dagar 12 12 12 12 12 12 12
Dagar per skifte 1 1 1 1 1 1 1
Tal skifte 13 13 13 13 13 13 13

Gjennomsnittleg tørrstoffopptak av beitegras per dag i perioden 1/5 til 31/10 prognose 2024: 5,5 kg ts/ku/dag. Kjelde: Hans Lund

Avling og fôropptak: Venta avlingsnivå gjennom beitesesongen (blå kurve) og venta fôropptak per ku (gul kurve) hjå Thomas Malmkjær, på Bjerregaard. Kjelde Hans Lund.

Meir mjølk men mindre feitt

Erfaringa er at feittprosenten går ned utover sommaren, noko som òg er tilfellet i konvensjonelle besetningar, men i mindre grad.

– Det har nok med fiberinnhald å gjere, men òg med temperaturen generelt, trur han.

Tanken er å tilpasse innefôringa til beitekvaliteten, slik at den så godt som mogleg supplerer for det graset ikkje har, blant anna av fiber.

– Vi har i praksis fôrskifte to gonger om dagen, fordi rasjonane er så ulike. Om vi legg til kraftfôr i roboten, så blir det mange fôrskifte gjennom sesongen. Det vil heilt sikkert påverke omsetting i vomma. Det kjem vi ikkje utanom. Det er feittprosenten som blir lågare, og kg EKM faller som regel, sjølv om mjølkemengda held seg stabil.

Helsegevinst?

Det er lite forsking som seier noko om korleis beiting påverkar dyrehelsa. Men ifølgje Lund, er det ingenting som tyder på at celletalet blir påverka av beiting.

– Celletal er i større grad knytt til management, seier Lund.

Elles er det mykje som tyder på at kyr på beite har mindre utfordringar med mobilitet. Men kva det kan bety for haldbarheit er enda ikkje kartlagt.

Kua vil takke deg: Det tek tid, og du må vere motivert. Men tar du utfordringa med skifte-/rotasjonsbeiting, vil kua takke deg med høg yting og god helse. Og arbeidsinnsatsen har du att i sparte kostnadar.

Kua vil takke deg: Det tek tid, og du må vere motivert. Men tar du utfordringa med skifte-/rotasjonsbeiting, vil kua takke deg med høg yting og god helse. Og arbeidsinnsatsen har du att i sparte kostnadar.

Tre beitestrategiar:

Kontinuerleg beiting – å sleppe dyra ut på større areal og la dei beite der heile sesongen. Systemet er enkelt og arbeidssparande, men gir redusert utbytte i enga og dårleg utnytting av beiteressursane.

Stripebeiting – å styre beitinga ved å tildele nye «striper» (flytter straumtråden) av beitet etterkvart som dyra et opp graset. Bruk av «baktråd» sikrar gjenvekst på areal som er beita.

Rotasjonsbeiting: Dele beitet opp i fleire større eller mindre skifte, og rotere mellom skifta, og la beitet kvile mellom kvar avbeiting. Nytt skifte kvar dag motiverer kua til å gå ut på beite, og kviletid for graset aukar avlinga. Fordelane er høgt fôropptak. Ulempa er at det krev oppfølging og mykje gjerding. Det er òg viktig med gode drivvegar, og vasstilgang på kvart av skifta.

Stikkord denne saka: , ,