For seint: Dette lammet kom til klinikken. Det var funne på beite eit par dagar tidlegare. Huda er svart og hard, med tydeleg infeksjon kring auga. Lammet klarar ikkje opne auga. Det er også råka på føtene. Huda er hard og knudrete. I tillegg har det eit betent sår på venstre kne. Lammet er med mor og klarar så vidt ete. Slimhinnene er visuelt normale ved undersøking. Lammet vert behandla med smertestillande og antibiotika. Det viser ingen betring etter to dagar Dyret har tydelege smerter, skjærer tenner og har tendensar til krampe. Det får ikkje i seg næring i noko større grad, men urinerer svært mykje. Lammet vart avliva av dyrevernsårsaker.