HØYR!

Vil setta ned kraftfôrprisen

22. november 2019

Foto: privat

Landbruket er ute av kontroll

– Når kraftfôrprodusentane blir rikare og rikare, medan gjelda til bøndene veks, bør kraftfôrprisen ned, meiner bonde og Raudt-medlem, Tobias Skretting.

Jane Brit Sande

Partiet Raudt vil endra landbrukspolitikken, og har ikkje tid til å vente til stortingsvalet. Dei har tatt initiativ til dialog med landbruket sine organisasjonar for å snakka om framtidas politikk. Nyleg arrangerte Raudt ein landbrukspolitisk konferanse med tema «Skal me ha bønder også i framtida i matfylket Rogaland?». Tobias Skretting, bonde på Jæren og medlem av Raudt, var ein av innleiarane. Han er også med og påverkar eit landbrukspolitisk utkast som Rogaland Raudt skal spela inn nasjonalt.

– Slik det er no, er landbruket ute av kontroll. Det er ubalanse i marknaden, med dårleg lønsemd for bonden, og produkt som ikkje kjem til butikkhyllene. Daglegvarekjedane har tatt ansvar for å styra prisane, og det gjer dei på kynisk vis, seier Skretting.

Raudt vil innføra fleire tiltak for å betra bonden sin økonomiske situasjon. Blant anna vil dei sikre at riktig informasjon om kostnadar er med i dei årlege forhandlingane. Skretting meiner næringa må gjere tiltak for å kompensere bøndene for nedgang i volum som følgje av marknadsendringar og dei siste kvoteforhandlingane.

– Eg vil at kraftfôrprisen skal settast ned for alle kraftfôrslag. Dette styrkar bonden sin økonomi, og kan bidra til at alle dei som har arbeid utanom garden ikkje lenger treng det. Bonden må heim, seier Skretting.

– Men er ikkje dette i strid med Raudt sitt partiprogram der det står at de vil regulera innføringa av soyaprodusert fôr frå utlandet?

– Nei, kraftfôrbruken skal ikkje aukast. Det er bonden si lønsemd som skal bli betre. Kraftfôrprodusentane blir rikare og rikare, samstundes som gjelda til bøndene veks, seier Skretting.

For at bøndene skal få meir att for produkta dei produserer, vil Skretting at bruken av plastemballasje på matvarer skal bli strengare.

– Kvar plastpakning opp til fire liter, kostar 4,76 kroner i avgift. Avgifta på, og bruken av plastemballasje, har påverknad på prisen til bonden, seier han.

Skretting vil også ha avgiftskrav og ei strengare merking av importerte matvarer.

– Kvifor er det ikkje omsetnadsavgift på importert kjøt, til dømes? Bøndene må betale avgift for å kontrollere kjøtet, medan det parallelt blir importert svinekjøt frå land med MRSA-smitte. Importen er ein blindpassasjer som landbruket betalar for, seier han.

Bonden vil at fordelingsnøkkelen skal endrast, og at produksjonskostnadane skal visa att i prisane i butikkane.

– Hovudfokuset i Raudt sin politikk er å løfte bonden, seier Skretting.