HØYR!
Vil løfta landbruket i storkommunen
Foto: Senterpartiet
For mykje matjord har gått med til nedbygging i Stavanger, og meir ligg i kommuneplanen. Kan me finna ein måte å redusera dette?
– Målet er å løfta fram synergieffekten mellom matbyen Stavanger og den lokale matproduksjonen, seier Sps ferske varaordførar i den nye storkommunen.
Jane Brit Sande
Sauebonde og avtroppande Rennesøyordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp), blir varaordførar i Stavanger kommune. Ved nyttår blir kommunane Rennesøy, Finnøy og Stavanger slått saman til ein ny storkommune – som også blir landets største sauekommune.
– Arbeidet med planprogrammet til arealdelen av kommuneplanen startar truleg allereie på første kommunestyremøte, fortel ho.
Den nye kommunen kjem til å merke kva som er varaordføraren si hjartesak for landbruket, skal me ta henne på ordet.
– Jordvern er viktig. For mykje matjord har gått med til nedbygging i Stavanger, og meir ligg i kommuneplanen. Kan me finna ein måte å redusera dette? Me må gjera folk medvitne på landbruk og matproduksjon, seier ho.
Sunnanå Hausken vil arbeida for å laga eigen kommunedelplan for bynært landbruk der barnehagar og skular blir involvert i prosjekt om urbant landbruk.
– Me går nye moglegheiter i møte. Andelslandbruk bør kanskje også vere med? Det er mykje spanande å ta tak i, seier ho.
– Målet er å løfta fram synergieffekten mellom matbyen Stavanger og lokal matvareproduksjon. Me skal visa fram dei gode råvareprodusentane i det som blir kommunedelane, Finnøy og Rennesøy, seier Sunnanå Hausken.
Stavanger kommune skal også etablere eit nytt landbruks- og havbrukskontor på Judaberg på Finnøy.
– Her skal hovudsete til kommunens kompetansemiljø på desse områda vere. Deira oppgåver vil ikkje berre vere knytt til forvaltning. Utvikling av næringane blir minst like viktig, seier Sunnanå Hausken.
– Kva utfordringar kan landbruket møte i den nye storkommunen?
– Innbyggarane må bli meir medvitne om kva norsk matproduksjon betyr, særleg verdien av den i beredskapssamanheng. Til dømes må det koma meir informasjon om den låge antibiotikabruken i norsk matproduksjon, og kva dette betyr, seier Sunnanå Hausken.
Nye Stavanger sin varaordførar vil også vise korleis landbruket er ein viktig bidragsytar i klimakampen.
– Både her på Rennesøy og Finnøy er det stor tomatproduksjon. Tidlegare var det store klimagassutslepp frå drivhusa. Det er mykje spanande forsking på området. Det vil nok gi resultat.