HØYR!

Vil ha tilleggsforhandlingar

30. september 2022

Nye generasjonar vil ikkje dette; jobbe så mykje og tene så lite.

Rogaland Bonde- og Småbrukarlag vil ha tilleggsforhandlingar med nytt talmateriale som grunnlag. – Bøndene ser ikkje at det har skjedd noko på den økonomiske sida, seier fylkesleiaren.

Jane Brit Sande

I eit ope brev til styret i Norsk Bonde- og småbrukarlag, ber fylkesstyret i Rogaland om at det blir oppretta kontakt med styret i Norges Bondelag med mål om å krevja tilleggsforhandlingar også i år.

– Slik vi ser det, har føresetnadene for årets jordbruksavtale endra seg i så stor grad at det må forhandlast med nytt talmateriale som grunnlag, skriv Stig A. Helgesen, leiar i Rogaland Bonde- og Småbrukarlag, i brevet.

Fylkesleiaren seier til Bondevennen at han er kontakta av fleire bønder som er uroa for sin eigen økonomiske situasjon.

– Bøndene ser ikkje at det har skjedd noko på den økonomiske sida, slik som lova i regjeringsplattforma. Uroa har bygd seg opp dei siste to-tre månadane, og særleg etter tilleggsutbetalinga no i september, seier Helgesen.

– Det er dei som har skoen på, som kjenner kor den trykker. Som organisasjon har me ansvar for å ta dette vidare, seier han.

– Jordbruksoppgjeret var historisk høgt, landbruket fekk straumstøtte før anna næringsliv, og i tillegg blir maten dyrare for forbrukaren. Trur du det vil vere aksept i befolkninga om landbruket går ut og krev meir pengar?

– Eg håpar det. Eg håpar at dei ser at om me skal ha matproduksjon og matberedskap i Norge, så må produsentane ha inntekt som alle andre.

– Eg trur befolkninga si haldning til landbruket har endra seg frå i fjor til i år. Den var betre i fjor. Men me kan ikkje la vere å beskriva situasjonen berre fordi nokon ikkje vil lika det. Me har eit samfunnsoppdrag. Skal me fylla det, må me ha inntekt, seier han.

– Kva med politisk mottaking? Blant opposisjonen er det fleire som gir landbruket og jordbruksavtala skylda for høgare matprisar.

– Eg håpar først og fremst at regjeringa ser at dette er naudsynt for å nå dei måla dei sjølve har satt for næringa. Me kan ikkje halde fram med gode ord, det må materialisera seg i inntekt for den enkelte bonde. Det er dette det koker ned til: Me må ha inntekt for å halde fram, seier han.

Helgesen er uroa for kva konsekvensar den økonomiske utviklinga kan ha.

– Eg er særleg uroa for rekrutteringa, seier han.

– Nye generasjonar vil ikkje dette; jobbe så mykje og tene så lite. Dessverre.

Så langt har Helgesen fått positive tilbakemeldingar.

– Det er sjølvsagt kjekt med klapp på skuldra, men tilbakemeldinga eg vil ha, er at det blir tilleggsforhandlingar, seier han.