HØYR!

Vil ha tilbake kvotetaket

16. april 2021

Foto: Privat

I begge produksjonane er kvotetaket no på 900 tonn. Kor mange geitebønder er det då plass til?

I 2014 vart kvotetaka på geite- og kumjølk heva til 900 tonn. Det vil Småbrukarlaget reversera.

Jane Brit Sande

– Me vil ha fleire bønder, og då må me gi rom for fleire å produsera, seier Eli Berge Ness, politisk nestleiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Småbrukarlaget meiner at det høge kvotetaket på mjølk gjer at det er mindre rom for fleire bønder. I sitt mandat for forhandlingsutvalet for årets jordbruksforhandlingar kjem det fram at dei derfor vil føra inn att kvotetaket. Før 2014 var det på 450 tonn for kumjølk og 200 tonn for geitemjølk.

– I begge produksjonane er kvotetaket no på 900 tonn. Kor mange geitebønder er det då plass til, spør ho retorisk.

Småbrukarlaget vil styrka kanaliseringspolitikken for å sikra at heile landet blir nytta til landbruksproduksjon.

– Det er fleire område i landet der det ikkje er mogleg å drive så stort. Dei bøndene må det også vere rom for, seier Berge Ness.

Forslaget vil ikkje ha tilbakeverkande kraft, forsikrar ho.

– Småbrukarlaget ønsker ikkje å straffe produsentar som har tilpassa seg gjeldande reglar, seier Berge Ness.

Ho trur ikkje innføringa av produksjonstak vil ha påverknad på dagens produksjonsvolum.

– Nei, om noko, blir det rom for fleire produsentar. Det er gode forholdstal no, og derfor trur eg det er noko mjølkeproduksjonen fint kan tole, seier den politiske nestleiaren.

Berge Ness seier at landbruket treng auka lønsmed på dei mindre mjølkebruka som ligger der dei «ekte grasareala» er.

– Dette er dei areala som ikkje er eigna til anna produksjon, anten dei er for små, bratte eller for karrige, seier ho.

Større produksjon vil ikkje vere mogleg på desse gardsbruka, då dei må reise langt etter fôr til dyra.

– Me ser no at når desse gardsbruka sluttar med mjølk, blir produksjonen flytta over til større fjøs. Då går dei mest tungdrivne areala ut av drift, og det har me ikkje råd til, seier Berge Ness.

– Me har berre tre prosent dyrka mark i dette landet, og derfor må me nytta det som er.

Småbrukarlaget vil sikra at kjøtproduksjonen blir lagt til områda med grasressursane. Det vil dei få til med å styrke kornøkonomien i dei rette områda.

– Med unnatak av det siste året, har det vore auke av husdyr i kornområda, og nedgang i kornproduksjonen, seier Berge Ness.

– Me må ha husdyra der grasressursane er, og dyrka korn og grønsaker der me kan. På den måten utnytter me areala, og sikrar sjølvforsyninga, seier ho.