HØYR!

Vil ha kraftsatsing i tospann med landbruket

19. juni 2020

Foto: Han med hatten/Kai Tore Vik

Sameksistens med landbruket er viktig for oss

Ordførar Kjetil Slettebø (Sp) lanserer 2.500 dekar skrinn fjellgrunn i Hetlandskogen i Bjerkreim som åstad for datasentre, batterifabrikker eller hydrogenproduksjon.

Sjur Håland

Bjerkreim kommune hiv seg dermed på i kampen om å gjera seg lekre for ny kraftkrevjande industri på skrinn fjellgrunn.

– For å løfta regionen og for å bruka den grøne krafta me alt har, basert på litt vasskraft og mange vindmøller, forklarer Slettebø.

– Handlar det også om å få aksept for at den etter kvart omstridde vindmøllesatsinga faktisk gir varige arbeidsplassar i kommunen?

– At desse moglegheitene nå kjem, er eit resultat av satsinga. Eg meiner at føremonene frå inngrepa som er gjort i naturen først og fremst bør koma dei til nytte som bur i regionen. Difor vil Bjerkreim gjerne bygge arbeidsplasser med grunnlag i overskotskrafta sjølv, i staden for å frakte elektrisiteten ut av regionen og landet utan at me får noko att.

– Ny E39 er i kjømda. Landskapet endrar seg. Kva når tettstaden Vikeså blir sprengd og veksten krev plass til fleire bustadfelt og ny infrastruktur. Då ryk vel matjorda i Bjerkreim som på Jæren?

– Ikkje i det heile. Me har hatt, og vil ha, mykje fjellgrunn å bygga på. Kommunen er 630 kvadratkilometer stor. Hjå oss er det, uansett vekst, ikkje noko problem å unngå nedbygging av matjorda. E39 vil leggje beslag på noko areal. Mitt mål her er at det som går ut av drift skal vinnast att gjennom bruk av sideterreng og nydyrking.

– Skal de i konkurranse med dei andre 14 krafttomtene i Rogaland, inkludert omstridde Kalberg i Time, for å lokka aktørane til Bjerkreim – eller skal det vera plass til alle?

– Bjerkreim har vore med i prosessane lenge. Nå er me i posisjon med både kraft og ideelt areal sentralt plassert i fylket med til dømes kort avstand til flyplass i nord og til arbeidsplassar for naboane i Egersund i sør. Kommunen har verdiar som vil vega tungt for aktørar som vurderer å etablera seg i fylket.

– Bør Time, med dei omstridde kraftplanane på Kalberg, prioritera jordvern og heller koma til Bjerkreim med planane sine?

– Som ordførar i Bjerkreim snakkar eg om våre planar. Eg ønskjer Time kommune lukke til med deira prosjekt. Men eg ser at Time har arealutfordringar som Bjerkreim ikkje har.

– Vil Bjerkreim vera ein landbrukskommune i framtida?

– Sjølvsagt. Sameksistens med landbruket er viktig for oss. Den grøne krafta har gitt ekstrainntekt til grunneigarane og vegar inn i beiteområda. Nå kan vidare satsing gi synergiar til gartneri, fiskeoppdrett og kanskje ein proteinfabrikk. Bjerkreim kan få til dette med å gå i tospann med landbruket.