HØYR!

Vil ha dyrare soya

Det billege importproteinet avgrensar utviklinga og reduserer trykket på å utvikla eigne alternativ

Fylkesleiarane i Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil auke prisen på utanlandsk soya i kraftfôret for å få fortgang i arbeidet med å utvikla norske proteinalternativ.

Sjur Håland

– Utviklinga har gått i feil retning i fleire år. Potensialet i å snu trenden og auka den norske produksjonen av proteinråvarer, særleg til drøvtyggjarar, er stort, seier Torbjørn Norland.

Norland er mjølkeprodusent på Tau, medlem i sentralstyret i Norsk Bonde- og Småbrukarlag og har vore ein del av forhandlingsutvalet i samband med jordbruksforhandlingane sidan 2014.
Han ser også utspelet om auka soyapris som ei tilpassing av mjølkeproduksjonen i tråd med dei norske fôrressursane. Samanhengen mellom soyabruk og eigne areal har Odd Magne Harstad frå NMBU påpeika fleire gonger, understreker Norland.

– Å utnytta eigne grovfôrressursar og proteinkjelder er betre og smartare enn å importera soya, seier han, og illustrerer potensialet ved å syna til at avlingskvalitet og -mengd på norsk grovfôr har endra seg lite dei siste tretti åra.

– Kva er dykkar alternative proteinråvarer i kraftfôret?

– Ingen hadde i starten tru på å legga til rette for bruk av el-bil i Norge. Også når det gjeld norsk protein i fôret må me, som med el-bilane, bestemma oss for å starta ein plass. Det billege importproteinet avgrensar utviklinga og reduserer trykket på å utvikla eigne alternativ.

– Seier du at innspelet på eitt vis er kniven på strupen for norsk landbruk for å finna meir klimavenlege ingrediensar i kraftfôrblandingane?

– Ja. Det handlar om å ta eit globalt ansvar. Slik det er nå, kan du faktisk flyga inn soya til Gardermoen. Klimautslepp på råvarene blir først rekna med på vegen frå Gardermoen til mølla.

Norland fortel at innspelet om høgare soyapris først og fremst er mynta på kraftfôret til drøvtyggjarane.

– Men soya inngår vel også i blandingane til svin og kylling?

– Ja, men vårt forslag er først og fremst eit retningsval og ein invitasjon til å diskutera korleis me kan bruka meir norske råvarer framover. Me vil sjølvsagt ikkje dei kraftfôrkrevjande produksjonane til livs.

– Er dette ei symbolsk og velmeinande handling frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag, eller trur de at de kan få tilslutning hjå Norges Bondelag og staten?

– Om me ser på potensialet for å dyrka meir norsk protein til kyr, lar det seg gjera, om me legg til grunn ei yting på kring 7000 liter. Alternativet er ei elegant iblanding av utanlandsk protein og ein ytingsspiral vidare opp. Det er problemstillingar, som me håper bondelaget og staten vil vera med og diskutera.

Maritimt protein og bruk av trevirke i fôret er også forskingsområde med framtidsmoglegheiter, i følgje Norland.

– Det haster om me vil ta eit større ansvar for eigen matproduksjon enn det me gjer i dag, seier han.