HØYR!

Vil gjerde vipa inne

Eg er lei av at bøndene er syndarane.

Vipa er kritisk truga. Margrete Dysjaland føreslår å gjerde reir og vipeungar inne for å berge dei.

Jane Brit Sande

Etter ein interpellasjon frå Venstre i Fylkestinget i Rogaland før jul, skal Fylkeskommunen no be Statsforvaltaren om å utarbeida ein handlingsplan for å berge dei vipene som er att. Margrete Dysjaland (Frp) har fått nok av å bruka tid på handlingsplanar og strategiar, og meiner at konkrete tiltak må settast i gong

– Eg er lei av at bøndene er syndarane, men er sikker på at dei vil hjelpa, seier ho til Bondevennen.

– Bøndene gjer allereie mykje for å ta vare på reira og egga. Dei både flytter på reir og legg noko over dei når gjødsla skal ut. Men diverre blir ikkje alltid like mykje gjort når graset skal slåast og vipeungane spring rundt på marka, seier Dysjaland.

Engasjementet for vipa, og forslaget om gjerde, har ho heimanfrå.

– Her på Dysjaland er det om å gjere å vere den første som høyrer vipa om våren. Far vinn kvart år, seier Dysjaland.

I Fylkestinget la ho fram eit forslag til kva som kan gjerast for å berge vipa: Gjerde reira inne fram til egga er klekte og graset må slåast.

Slik er forslaget til Frp-politikaren:

  • Sett opp eit gjerde, laga av kyllingnetting eller liknande, på 15*15 meter rundt vipereira. La gjerdet stå heilt til graset skal inn.
  • Slå graset rundt gjerdet.
  • Flytt gjerdet, og jag vipeungane til ein trygg stad, til dømes i vegetasjon.
  • Slå graset der gjerdet stod.

– Det er ikkje sikkert 15*15 meter er dei rette dimensjonane, men det må vere plass til at vipene kan finna mat og gøyme seg i graset, slik som er naturleg for dei, forklarar Dysjaland.

– Tiltak skal sjølvsagt kompenserast på ein skikkeleg måte. Vil folk ha vipa, så vil det kosta litt, seier ho.

– Bør tiltak for å redde vipa bli obligatorisk?

– Eg er ikkje for tvang, og vil heller gå for kompensasjonsordningar som er så gode at folk har lyst, seier Dysjaland.

– Frp seier sjeldan nei til nedbygging av matjord eller natur, der vipa bur. Kor er konsistensen?

– Me må ha to tankar i hovudet, og me vil ikkje konsekvent bygga ned. No er det snakk om areal i produksjon. Eg vil heller byggja på stein og fjell, men i Regionalplan Jæren er det ei prioritering å byggja langs kollektivaksen, og det trumfar for andre parti. Eg vil at me skal byggja der det er fornuftig, og så kan folk køyra bil, seier ho.

– Er du villig til å stemma mot nedbygging av jord og natur for å styrka livsvilkåra for vipa?

– Ja, det er eg villig til. For meg skal det vere tungtvegande grunnar til å byggja ned jord i produksjon, seier Dysjaland.