HØYR!

– Treng ikkje merking

Me treng handfaste politikarar som torer å stå imot

– Eg trur ikkje mange produsentar i Hå vil binda seg til ei merkeordning for dyrevelferd, seier Mons Skrettingland, varaordførar i landets mest husdyrtette kommune.

Bothild Å. Nordsletten

Med støtte frå Rema lanserte Dyrevernalliansen nyleg ei merkeordning for matvarer produsert med det som skal vera ekstra god dyrevelferd. Saka har sett sinna i kok i landbruket.

– Me treng ikkje ei slik merkeordning. Eg støkk av at det skal kosta bonden 10 000 kroner å vera med. Rema, som slit i motbakke, hoppar på dette berre for å profilera seg. Dyrevernalliansen får masse merksemd. Det er det dette handlar om, seier Skrettingland.

Skrettingland er usikker på om krava for deltaking i merkeordninga er dei beste. Mellom anna må oksen ha luftegard ute, og ku og kalv må få gå saman i seks veker.

– Men er krava urimelege?

– Eg veit ikkje om dei er urimelege, men eg trur ikkje mange produsentar i Hå vil binda seg til dette. Når det er sagt vil eg understreka at Hå-bonden er opptatt av dyrevelferd.

Den tidlegare svinerøktaren uroar seg over at Dyrevernalliansen er i ferd med å menneskeleggjera dyra.

– Men dyrelivet er hardt, med rangordningar og aggressive dyr! Det er ikkje få sugger eg har sett som har enda livet i slåsskamp i frittgåande løysingar. Skulle eg valt det beste for dyrevelferda ville det ha vore ein kombinasjon av lausgåande og fiksering av einskilde dyr. Elles er jo lausdriftskravet for kyr flott, men ingen snakkar om at me kappar horna av kalvane. Dette er jo interessant sett opp imot forbodet mot halekupering av svin, meiner Skrettingland.

– Dyrevernalliansen meiner at norske reglar for dyrevelferd ikkje er bra nok. Kva meiner du?

– Det er oppfølging av regelverket det skortar på, heller enn på regelverket. Og regelverket kan alltids forbetrast. Det handlar om forsking, gode innreiingar og oppstallingsmåtar.

– Treng landbruket pressgrupper som Dyrevernalliansen, for å halda seg på tå hev?

– Ja. Dei gjer ein jobb, men fleire av dei har også som mål å avvikla dyrehaldet. Eg er svært uroa når politikarane bøyer for mykje av på dette. Me treng handfaste politikarar som torer å stå imot og ta dei rette vala for landbruket.

– Dyrevernalliansen hevdar folk er villege til å betala for mat produsert med god dyrevelferd. Kunne merket vore ein idé for bøndene i Hå?

– Jo, om du får tilstrekkeleg ekstra per kilo. Ein liten del av folket er villege til å betala for det og eg trur det er rett å serva det potensialet. Men alle produsentane kan ikkje ha det. Påstanden om betalingsvilje er sterkt overdrive, trur eg.

– Kanskje er landbruket sine organisasjonar for treige til å vera på trendane og å ta regien sjølv, undrast Skrettingland.

– Det kunne avverga stunt som dette, om dei var meir i forkant. Eg føler at dyrevernorganisasjonane med sitt ganske ekstreme syn har fått ei for sterk hand på rattet.