HØYR!

Ta pennen fatt for landbruket

5. mars 2021 | Dessutan

Eg er ikkje i tvil om at resultatet vil påverke volumproduksjonen i Rogaland

Brexit-forhandlingane vil truleg råka norske landbruksprodukt. Bondelagsleiar Marit Epletveit oppmodar bøndene til å ta pennen fatt og synga ut.

Jane Brit Sande

Marit Epletveit oppmodar tillitsvalde til å spissa tastaturfingrane og henta fram blanke word-dokument.

– Det siste året har nordmenn handla norske matvarer og gått tur i norsk natur som aldri før. Skriv og fortel lesarane av lokale og regionale aviser kva bonden leverer til samfunnet, i tillegg til maten me produserer. Vårt bidrag til å skapa arbeidsplassar lokalt, er eit godt døme, seier ho til Bondevennen.

– Både Brexit-forhandlingane, dei kommande landbruksforhandlingane og unnatakssituasjonen det siste året gjer at me er inne i ei god tid for å synleggjera verdiskapinga og arbeidet med landskapspleie.

Norge er i frihandelsforhandlingar med Storbritannia. Epletveit fryktar kva dette kan bety for norske landbruksprodukt.

– Me har grunn til å tru at me må gi frå oss tollkvotar på kjøt til fordel for eksport av fisk, seier ho.

Det er kjent at EU får halda på sine tollkvotar på kjøt. No vil Storbritannia ha sine eigne tollkvotar. Det uroar fylkesleiaren.

– Det er knytt sterk uro til at me gir frå oss for mykje marknad til fordel for fiskeeksporten. Ein byttehandel, fisk mot kjøt, rett og slett, seier ho.

– Landbruket bidreg til arbeidsplassar og verdiskaping i Norge. Me vil ikkje at desse arbeidsplassane skal ofrast til fordel for pengar.

Epletveit spår at det vil bli vanskeleg å oppretthalde talet på bønder i Norge, dersom Storbritannia får tollkvotar.

– Me trenger dei bøndene som er att, og me trenger levande bygder, seier fylkesleiaren. Den tonnasjen som eventuelt blir forhandla fram, vil også bli importert, seier Epletveit.

Ho meiner at dette vil ha negative ringverknadar for marknadsdelane til dei norske produkta.

– Eg kjenner ikkje detaljane i forhandlingsarbeidet, men eg er ikkje i tvil om at resultatet vil påverke volumproduksjonen i Rogaland. Volumproduksjonen er avhengig av ein stabil og fungerande marknad, seier ho.

Epletveit har invitert seg sjølv til møte med Næringsminister Iselin Nybø.

– For oss er det heilt uforståeleg at ho vil bytte viktige, norske landbruksprodukt mot eksportinntekter. Det er viktig å gjere henne merksam på konsekvensane dei britiske tollkvotane på landbruksprodukt vil ha for det norske landbruket, seier Epletveit.