HØYR!

– Ta pausar i vårvinna

Sunn og næringsrik mat er viktig for både hovudet og kroppen

– Hugs at du sjølv blir sliten lenge før traktoren seier stopp, seier Halle Arnes, HMS-fagansvarleg i NLR.

Jane Brit Sande

Lemming og våronn står for tur. Etter kvart også slåttetid. HMS-fagansvarleg i NLR, Halle Arnes, oppmodar bøndene om å passe på helsa og humøret i den travle tida.
Å ta pausar, få nok svevn, og eta sunn og næringsrik mat, er viktig både før og når det kokar, i følgje Arnes.

– Krevjande tider kan sette spor på den mentale helsa i form av svevnmangel, at ein er litt nedstemt, mister matlysta, og så vidare. Det er ein heilt naturleg reaksjon, seier han, og oppmodar til å stoppe litt opp.

– Ta deg ein eller to dagar fri for å lade batteria, viss du kan. Eg veit at det i periodar er vanskeleg, og nokon gonger nærast umogleg. Men finn i alle fall eit høve til å ta pausar løpet av dagen, og ta ein kaffikopp med partnaren eller naboen.

– Me har erfart at det er noko i ordtaket ‘felles skjebne, felles trøyst’, seier han, med referanse til dei to vanskelege, føregåande åra.

Dagane kan bli lange for matprodusentane.

– Med pausar i løpet av dagen, er det mogleg å halde ut frå tidleg morgon til sein kveld. Me rådar ikkje til å ha så lange arbeidsdagar, men me veit at det er kvardagen til mange.

Arnes rådar å nytta pausen til å gjere noko du likar.

– Gode pausar bidreg til at du held ut til dei mest intense periodane er over. Hugs at du sjølv blir sliten lenge før traktoren seier stopp, minner han om.

– Og hugs å ete godt. Sunn og næringsrik mat er viktig for både hovudet og kroppen, seier han.

Mykje skal gjerast. Arnes rådar å systematisere oppgåvene.

– Lag gjerne lister, og stryk ut etter kvart, tipsar han.

Stikkord denne saka: