HØYR!

Spent på skulestart

14. august 2020

Folk ser at det faktisk er kjekt å driva med landbruk.

Fleire unge søkjer seg til landbruksfag. – Folk ser at me treng bønder for å klara oss, seier Anna Dalen (15). Ho gler seg til skulestart på naturbrukslinja på Øksnevad.

Bothild Å. Nordsletten

Anna Dalen er eigentleg lei skulen, seier ho, men på Øksnevad har ho funne fag som interesserer. 17.august er det skulestart. Odelsjenta frå Jørpeland skal dagpendla med kollektivtransport halvannan time kvar veg ned til skulen på Jæren. Ho kjenner ingen av medelevane, men ser fram til den nye kvardagen.

– Eg er spent og gler meg til å treffa folk og å sjå korleis linja fungerer. Eg har høyrt mykje bra om skulen. Her får eg halda på med alle ting som har med garden og gjera. I tillegg får eg studiekompetanse.

– Kvifor er det viktig å ta nett denne utdanninga?

– Fordi du får kunnskap som du treng for å klara å ta over garden på bra måte. Eg håpar å få læra nyttige ting som eg kan ta vidare med meg på garden, seier Anna.

Heime på garden avlar dei stutar til slakt. Den påtroppande eleven har merka seg at interessa for landbruksfag aukar blant jamnaldringar. På Øksnevad er talet på søkjarar til naturbrukslinja stabilt i forhold til tidlegare år, men talet på elevar som vel spesialisering innan landbruk første året overgår no heste-faget, som tidlegare har vore mest populært.

– Eg trur interessa har auka. Folk ser at det faktisk er kjekt å driva med landbruk, ja, det er veldig gøy. Og fleire innser at me treng bønder for å få mat og klara oss.

– Kva er planane etter skulegangen?

– Eg har veldig lyst til å ta over garden, når den tid kjem. Og gjerne driva med meir enn stut.