HØYR!
Skuffa over bankane
Bankane er arrogante og jamt over lite flinke til å informera kundane sine
Norges Bank har sett ned renta til rekordlågt nivå. Kåre Grindland meiner bøndene må vera på hogget og forlanga at deira bankforbindelsar gjer det same. Straks.
Sjur Håland
Grindland er bonde på Finsland i Kristiansand kommune. Her driv han med mjølkeproduksjon og ammekyr. Begge produksjonane med fullt påsett. Mjølkefjøset stod ferdig i 2010, medan ammekufjøset var nytt i 2018. Samla har han med andre ord investert mange millionar kroner på garden. Nå ventar han på sin del av rentereduksjonen.
– Førebels har ikkje det skjedd, seier han.
Han er lite imponert over bankane si evne til å følgja Norges Bank når renta går ned.
– Det generelle inntrykket eg sit att med etter dei siste vekenes hendingar er at bankane er arrogante og jamt over lite flinke til å informera kundane sine.
Etter rentereduksjonen til Norges Bank kontakta Grindland banken sin. Han seier at han fekk til svar at dei ikkje følgde Norges Bank, på grunn av at dei ikkje lånte pengar der. Men når Norges Bank justerer opp renta, meiner Grindland at banken reagerer annleis.
– Ja, då får eg gjerne brev som forklarar at dei ser seg nøydde til å justera opp si rente som følgje av at Norges Bank har sett renta opp.
Svaret Grindland seinare fekk då han purra banken, var knytt til den såkalla seks vekers varslingsfristen og utfordringar med dataprogramma.
– Nå er det ordet dugnad som gjeld i alle område av samfunnet. Då skulle det berre mangle at ikkje også bankane er med og tar sin del. Stortingspolitikarar og til og med statsministeren har vore på banen og minna bankane om å følgja opp.
Den siste beskjeden Grindland fekk frå sin bank, var at dei skulle framskynde seks vekers regelen med 14 dagar og då setje ned renta med 0,6 prosent.
– Det er eg lite nøgd med etter som Norges Bank har sett ned renta med 1,25 prosent. Banken min burde redusert med minst éin prosent.
– Forbrukarane blir gjerne oppmoda om å be om tilbod frå andre bankar. Er det aktuelt for deg?
– Det er aktuelt for meg og for mange andre bønder, vil eg tru. Om ikkje min bank nå følgjer opp, kan det godt hende at eg tar kontakt med ein annan bank. Men landbruket er ei spesiell næring. Du må søkja bankar med kompetanse på landbruk.
Han meiner bøndene jamt over er for snille, og at bankane i for liten grad evnar å kvittera for at landbruket er gode kundar.
– Bøndene er pliktoppfyllande. Me gjer opp for oss. Det er sjeldan å høyra at bankane tapar pengar på landbruket, seier han.
Lågare rente betyr romslegare økonomi for bøndene, minner Grindland om.
– Bønder har for vane å investera overskotet i garden. Det gir positive ringverknadar for det lokale næringslivet i tida som kjem. Dette må bankane forstå og vera med på. Det gjer dei ved å straks setja ned renta.