HØYR!
– Skal me ta vare på alt?
Foto: FKRA
På dyrka jord trumfar naturmangfaldet matproduksjonen.
– Verneinteresser kjem i vegen for matproduksjon, seier leiar i Time Bondelag, Tarald Magne Oma. – Skal me verkeleg ta vare på alt?
Jane Brit Sande
På talarstolen under årsmøtet i Norges Bondelag tok Oma til orde for å sikra at dyrkbar jord blir brukt til å produsera mat. Det er for mange hindringar på vegen, meinte han, og viste til biologisk mangfald, kulturminne og innføring av ymse forskrifter. Problemstillinga er ikkje ny, men verdsbilete aktualiserer den igjen, ifølgje Oma.
– Også me bønder vil ta vare på det som er unikt og som det er lite av. Men skal me verkeleg ta vare på alt, spør Oma retorisk.
Bøndene må ta omsyn til kulturminne som finnest i beite og på dyrka mark.
– Forfedrane våre laga rydningsrøysene då dei dreiv sitt nybrottsarbeid for å auka matproduksjonen for 1000 år sidan. Eg sikker på at dei hadde snudd seg i grava om dei hadde visst at arbeidet deira skulle verta til hinder for nybrottsarbeid og auka matproduksjon no.
– Jord er ein minimumsressurs her i landet. Forvaltninga av den bør henga saman med jordvernsarbeidet.
Akkurat no er saka om å nytta Orrevatnet som vatningskjelde ein av dei mest utfordrande sakene for bøndene på Jæren, ifølgje Oma. Statsforvaltaren har varsla avgrensingar for å verna naturmangfaldet rundt vatnet.
– Her står fleire tusen dekar matjord i fare for å gå ut av produksjon, seier Oma.
– Men er ikkje naturmangfald ein føresetnad for levedyktige økosystem, og derfor også for jorda og matproduksjon?
– Jo, men på dyrka jord trumfar naturmangfaldet matproduksjonen. Med dagens verdsbilete i tankane, er dette direkte umoralsk. Me må produsera meir mat.
– Er jærbøndene oppteken av biologisk mangfald, trur du?
– Det trur eg absolutt. Men eg veit også at dei kjenner på konfliktane.
– Uavhengig av kven sin feil det er, er naturmangfaldet i sterk tilbakegang nesten overalt. Kva aktive grep tar bøndene i Time for å bøta på det?
– Me gjer ulike grep på gardane for å hindra forureining, til dømes randsonar og skifte av teknikkar i gjødslinga.
I Time sitt kommunevåpen er det ei vipe. Ein fugl det vært stadig færre av. Også den prøver bøndene å ta vare på.
– Me prøver ulike grep for å ta vare på reira og vipeungane, når dei kjem til. Samstundes veit me at det dei siste 25- 30 åra har kome både rev og grevling til Jæren, og dei forsyner seg grovt i reira.
– Likevel er det ferdig konkludert frå høgare hald at det er landbruket som har skulda for at vipa har status som kritisk truga.
Miljøvernmyndigheiter framstår som aktivistar og legg til grunn at bøndene ikkje vil artane vel, sa Oma på årsmøtet.
– Korleis kan forholdet mellom bønder og miljøvernmyndigheitene bli betre?
– Først og fremst må me snakka saman. Det meste blir bestemt over hovudet på bøndene. Me må bli involvert, og dei, altså kommunen og Statsforvaltaren, må høyre på oss.