HØYR!
På tide å kalke
Foto: Sindre Ånonsen/TINE
Når pH går ned mot og under 6,0, vil du heilt sikkert tapa avling.
Jorda i Rogaland har altfor låg pH. – Sur jord gir tapt avling. Nå bør det kalkast, oppmodar Harald Volden.
Liv Kristin Sola
– Vi fant overraskande mange prøvar med altfor låg pH, seier Harald Volden, forskar ved NMBU på Ås.
Volden viser til rapporten som rogalandsjordbruket nyleg lanserte som ledd i arbeidet med nytt gjødselregelverk og spreieareal, (sjå leiar-artikkelen). Som forfattar fekk Volden tilgang til jordanalysar frå 430 unike kundar, heilt tilbake til 2004. Bakgrunnen var å kartlegge fosforinnhald i jorda. Men då nesten 10.000 prøvar var analyserte, avdekka prosjektet noko litt oppsiktsvekkande.
Generelt for grasdyrking bør pH i jorda vere over 6,2. I snitt var pH-nivået i dei analyserte prøvane på 5,8. Godt over 50 prosent av prøvane hadde ein pH 5,8 eller lågare. Berre 18 prosent av analysane var på 6,2 og høgare.
– Det er oppsiktsvekkande og langt under det som er rekna som optimalt for grasdyrking, meiner Volden.
Rett pH er viktig både i forhold til avlingsnivå, men også for innhald av protein og utnytting av fosfor i jorda. Kva som er optimalt pH-nivå er likevel omdiskutert.
– Det avheng nok litt både av type gras og jordtype. Men når pH går ned mot og under 6,0, vil du heilt sikkert tapa avling, seier Volden.
Han oppmodar bøndene til å kalke hyppigare og få kartlagt ned på skiftenivå kva for teigar som treng kalk.
Ein kikk på jordprøvane viser kva pH-nivå jorda har på ditt bruk. Er talet under 6,2 er det berre å setta i gang. Rundt 5-600 kilo ved fornying av eng, samt 100- 150 kilo kvart andre år for vedlikehald kan vera ein god start for å få opp pH-nivået.
– Å følgje opp med pH-analysar av jorda, gjerne kvart andre år, kan vere nyttig. I alle fall basert på dei tala vi har sett. Ein analyse av pH oftare enn ein vanleg jordanalyse vil ha verdi, seier Volden.
– Kvifor har dette gått under radaren?
– Ikkje lett å seie. No har vi fått sett på nesten 10.000 prøvar over ein periode på 18 år. Det har gitt oss god oversikt og høve til å systematisere tala. Ei slik omfattande systematisering er nok ikkje gjort tidlegare, i og med at analysane ikkje har vært tilgjengelege, seier Volden.
– Burde det opnast for innsyn?
– Ja, heilt klart. Slik som vi gjer med grovfôranalysane. Bonden kryssar av for innsyn og analysane vil bli bruk til å skaffe meir kunnskap, ikkje minst om opptak av fosfor i plantene. Slik dokumentasjon blir viktig framover, seier Volden.
I arbeidet med å oppdatere kunnskap frå Rogaland til revidering av gjødselregelverk og spreieareal, har den enkelte bonde gitt samtykke til at prosjektet kan nytte dataene.