HØYR!

Ønsker spesialordning

Eg ønsker ikkje å provosere, men prøver å nyansere biletet

Johannes Soppeland ønsker ei varig ordning for produsentar med eingongspurker for å hindra økonomisk ruin for somme med denne driftsforma.

Liv Kristin Sola

Landbruksdepartementet føreslår eit tillegg til konsesjonslova i form av ei maksgrense for utrangerte avlspurker per år.

– Målet er ikkje å regulere produksjonen, men å kome eingongspurkene til livs, meiner Johannes Soppeland, smågrisprodusent i Årdal i Ryfylke.

Soppeland leverer 7500 smågris og slaktar 500 purker i året. Produksjonen er utvida gjennom tre byggetrinn på ti år og omfattar 4000 m2.

– Går forslaget gjennom må eg halvere produksjonen innan 2021. Halvparten av driftsapparatet vil stå unytta og faste kundar kan i verste fall stå utan smågris. Inntekta til å betale faste utgifter som lån, renter og leasing vert meir enn halvert.

– Eingongspurker er ikkje ei optimal driftsform, men var for meg den beste tilpassinga. Hadde eg hatt mjølkekvote eller store beiteområde hadde det stilt seg annleis. Produksjonen er bygd opp slik at familien kan leve av garden. Dette var vår moglegheit. Nå smell det.

Bonden held fram at dei ikkje har gjort noko ulovleg – fram til no. Kritikarane har hatt same høve til å ta dei same investeringane, men har ikkje våga.

– Eingongspurker har alltid vore kontroversielt. Hadde du inga dårleg magekjensle?

– Hadde eg venta dette hadde eg sjølvsagt ikkje utvida, men situasjonen har vore slik i 15 år. Norsvin ønska tidleg å tette smottholet, men uavhengig av regjering har det ikkje vore politisk vilje eller signal om innstramingar. Tvert om. Landbruksminister Dale meinte eingongspurker var ei kreativ tolking av regelverket.

– Mange kritiserer produksjonsforma for å vere uetisk, kva tenker du?

– Er eit purkeliv meir verd enn livet til ein slaktegris? Det handlar ikkje om etikk. Det at me har utnytta eit smotthol i systemet er vondt å svelgje.

– Kva om praksisen med eingongspurker utviklar seg?

– Grensa er nådd. Slakteria har ikkje mottaksplikt på smågris og pålegg produsentane å redusere. Produksjonen er metta og bøndene betaler rekninga.

– Kva er ditt forslag til løysing?

– Eg ønsker at me får høve til å søke om utvida konsesjon slik at me kan utnytte driftsapparatet og betale investeringane. Slik kan me sette ein sluttstrek for eingongspurkene, utan å sette mange i ein svært krevjande økonomisk situasjon.

Årdalsbonden forstår at ei slik løysing er vanskeleg å akseptere for mange, men trur det er viktig å sjå framover.

– Eg ønsker ikkje å provosere, men prøver å nyansere biletet. Forslaget som har tilbakeverkande kraft, fjernar føreseielegheit i næringa. Eg snakkar for mange og håper på ei ordning me kan leve med.

Han meiner at summen av dei tiltaka som er føreslått vil føre til underdekning av smågris og trong for nyinvesteringar.

– Det kræsjar i mitt hovud. Å risikere nyinvesteringar medan eksisterande bygg går for halv produksjon er dårleg samfunnsøkonomi, meiner Soppeland.

Stikkord denne saka: